MMC First Process har fått oppdraget med å levere ein stor fiskehandteringspakke til Alsaker Fjordbruk sin nykontraherte brønnbåt. Selskapet på Onarheim er dein av dei største aktørane innan produksjon av smolt og matfisk.

Dette er ein viktig kontrakt for MMC First Process, som viser korleis røynde brukarar, dyktige skipskonsulentar og ein framtidsretta utstyrsleverandør kan utvikle nye og spennande prosjekt i tett samarbeid, heiter det i ei pressemelding i høve kontrakten.

Dette samarbeidet har resultert i eit svært fleksibelt system til brønnbåten som får eit volum på over 5000 kubikkmeter og som vil kunne laste heile spekteret frå smolt til slaktefisk. Leveransen omfattara også all vassbehandling og vaskeanlegg.

Selskapet med hovudkontor i Fosnavåg skal også levere sitt eigenutvikla automasjonsanlegg som sikrar full oversikt, logisk oppbygging og brukarvenlegheit for operatørane.

Med denne kontrakten har MMC First Process leveransar til langt ut i 2019.