Dei er til og med uroa over kor seint det går med denne flyttinga. Fylkeskommunen, som er eigar av skulen, har ikkje pengar til nybygg.

Som tidlegare rektor har eg drista meg til, i to tidlegare innlegg, å peike på det heilt urimelege og strategisk ukloke fram-

legget frå desse to, og truleg nokre få andre. For det første ligg den vidaregåande skulen godt plassert både traffikalt og som del av eit kulturområdet med kyrkje, kulturhus, idrettsbygningar og idrettsbanar, samt store barne- og ungdomsskular.

For det andre er det heilt meiningslaust å byggje ei ny vidaregåande skule midt i eit trangt sentrum, med meir enn nok trafikk frå før, om ein ikkje skal invitere 400 elevar og 60 – 70 lærarar inn i sentrum. Det er langt på veg vanvittig. Den vidaregåande skulen skal ikkje vere ein kasteball for ivrige lokalpolitikarar for å fremme ein eller annan merkeleg idé om eit meir attraktivt sentrum. Personalet kjem sjølvsagt med eigne bilar, og ein stor del av elevane er i den alderen at dei får seg sertifikat og bilar eller motorsyklar. I dag står det parkert ein heil del køyrety utanfor skulen. Det har skulen god plass til i dag og i framtida.

For det tredje, og kanskje fjerde har som nemnt skulen i dag rimeleg god plass til vidare utvikling. Det kan ein kanskje få til i sentrum også, men då må ein som elles i byane, byggje i høgda. I eit sentrum er det trongt. Det ligg i sjølve sentrumsomgrepet.

Så er som nemnt økonomien til fylket reint elendig, og med desse flytteplanane til ordførar og styreleiar, skuvar ein nybygg langt fram i tid. Fleire vidaregåande skular i fylket er interesserte i meir lokale. Og ikkje alltid ny skule, men nybygg som kan erstatte dei eldste og minst eigna lokala, og renovering av andre. Med ein strategi om tilsvarande renovering og nybygg ved Herøy vidaregåande skule, vil ein mykje lettare kome på prioritering, og slik vere ei god og framtidsretta løysing.

Gudmund Solstad