Fredrik Remøy har valt å trekke seg som styremedlem i Herøy næringsforum (sjå innlegg annan stad i avisa). Forklaringa er det som skjedde då representantar for kommunen og næringslivet nyleg møttest for å drøfte vegen vidare i spørsmålet om lokal forskottering av nytt skulebygg.
Der blei det på nytt ein diskusjon om tomtevalet, og referatet frå møtet tyder på at verken den politiske prosjektgruppa eller næringsforumet er eintydige i spørmålet om tomteval for ny skule i sentrum.
– Eg trudde vi var samla i styret, men nokre månader seinare var vi ikkje samla likevel.
Det seier Fredrik Remøy, og viser til næringsforumet sitt vedtak om å gå for tomtealternativet bak Sunnmørsfisk i ytre Fosnavåg som det beste alternativet for ny skuletomt.
– Slik såg eit samla styre det for tre månader sidan, men i møtet med fylket blei alternativet på nabotomta til hotellet kasta fram igjen, seier Remøy
Notat frå Dahler
Det var Svein Gjelseth (frå prosjektgruppa) som tok til ordet for at dette alternativet burde takast med i den vidare tomtediskusjonen. Det gjorde han med bakgrunn i eit notat frå hotelldirektør Gunther Dahler, som òg sit i styret for næringsforumet.
Her dreg Dahler fram ei rekkje fordelar med ei samlokalisering mellom skulen og hotellet, særleg med tanke på både matfag og maritime fag.
I tillegg blei det såkalla «nullalternativet», som betyr bygging på noverande skuleområde, kasta fram av rektor Gullik Kjelstadli.
Mykje bra på små areal
Fylket sin bygg- og eigedomssjef, Per Olaf Brekkan, meinte alle tomter må settast opp mot kva kommunen tenkjer med omsyn til vidareutvikling av kommunesenteret. Han slo fast at mykje kan løysast på små areal, og kunne vise til at det finst gode døme på det fleire plassar i landet.
-To steg tilbake
Fredrik Remøy finn det beklageleg at lokal usemje om lokalisering kan forseinke prosessen i ei så viktig sak. Slik han ser det burde lokaliseringsdiskusjonen for lengst ha vore avslutta, slik at ein kunne samle alle krefter for å få ny skule realisert med hjelp frå næringslivet.
– No føler eg vi har teke to steg tilbake. Dette meiner eg vi ikkje har tid til, seier han.
Remøy meiner det bør vere i alle si interesse å få i gang utviklinga av området bak Sunnmørsfisk med ny vidaregåande skule som basis.
Avviser usemje i styret
Styreleiar Njål Sævik meiner det ikkje er grunnlag for å hevde at det er usemje i Herøy næringsforum om val av tomt til skulen.
– Det er heller ikkje styret i næringsforumet som skal avgjere kvar skulen skal ligge, men vi ønskjer det skal bli fortgang i saka, seier han.
Sævik viser til at næringsforumet ikkje har gjort noko vedtak, eller kome med noko tilråding, om tomteval der tomta ved hotellet har vore eitt av alternativa.
– Det vi uttalte oss om i mars i år var, var dei fire alternativa som kommunen då hadde fått utgreidd. Av desse fire meinte vi at tomta bak Sunnmørsfisk var den klart beste. Om det var det ikkje tvil i styret, seier han.
Dei andre alternativa den gongen var Parken, Vågsplassen og området ved Vestbas-buda på andre sida av Vågen.
Har hatt nok konflikter
Fredrik Remøy si utmelding av styret ser ikkje Sævik noko behov for å kommentere. Det same gjeld dei interne diskusjonane i næringsforumet.
– Herøy sitt største problem dei siste åra har vore konflikter. Det hadde eg håpt vi kunne unngå i denne saka, seier Sævik.