Adele Elvira vert sterkare for kvar dag

Då Adele Elvira fekk diagnosen SMA type 1 for åtte år sidan, hadde ho ei forventa levetid på to-tre år. Men med medisin vert ho berre sterkare med tida, og no kan ho mellom anna både vinke, klappe og smile. – Ho er ei veldig bestemt ung dame, fortel mamma Vigdis.