Tanken er ikkje ny, at klubbane må samarbeide langt meir enn i dag for å kunne gje eit godt tilbod til noverande og framtidige utøvarar. Det synest i dag meir og meir klart at meir samarbeid, også innan aldersbestemte klasser, er vegen å gå for at ein skal kunne ha eit oppegåande tilbod.

Samstundes er det med og rekrutterer nye spelarar til seniorlaga, og gjerne vidare til større klubbar om det opnar seg moglegheiter for det.

Ein viss motstand har vore registrert mot endringar som vil rokke ved det gamle mønsteret med klubbar og lag i kvar ei bygd. Det er ikkje unaturleg. Likevel må målet vere å kunne gje eit tilbod til dei som vil vere med. Siste åra har det dessverre vore fleire døme på at utfordringar med å få til samarbeid, gjer at barn og unge vert utan eit tilbod. Slik kan vi ikkje ha det.

I dag har Sunnmøre Fotballkrets opningar for å kunne etablere ein «paraplyklubb» der folk som elles er medlemar og aktive i fleire idrettslag, kan samlast og oppleve idrettsglede.

Lenger nord på Gurskøya har dei innsett det. Der er MTG i dag eit etablert lag med eigne drakter og ei frisk satsing som gir utøvarar i fleire bygder og klubbar høve til å delta, saman. Sjå heller ikkje vekk ifrå at MTG vil samarbeide meir med andre lag, det vere seg Bergsøy eller andre, i jobben med å involvere born, ungdom og vaksne i idretten. Det er ei klok og framtidsretta satsing MTG står for, – som både fortener applaus og støtte frå miljøet rundt.

Bakgrunnen sjølvsagt at det er færre born og ungdomar i årskulla enn det var for nokre tiår sidan. Men ikkje berre det. I dag er det også færre som driv organisert idrett enn før. Meir samarbeid i eit utvida perspektiv også på andre arenaer innan idrett og kultur er allereie etablerte, og vi kjem nok sjå meir av slikt i åra som kjem.