Storstova på kulturhuset var nesten full, og med 314 selde billettar i tillegg til over 120 elevar som var på scena, var det eit stort arrangement som i flg Paulsen er ei årleg arrangement i regi av kulturskulen.

– Å kunne stå på ei scene å vise fram det ein lærer i løpet av skuleåret, er ein del av opplæringa til kulturskulen, seier han.

Og når ein ser kor borna kosar seg på scenegolvet, er det lett for publikum å bli sjarmerte sjølv om ikkje alle dansetrinna er heilt synkrone, eller ein akkord kjem på feil plass. Her var det innsats til tusen, og med til saman 15 innslag, fekk publikum høyre og sjå fleire ulike instrument og fagdisiplinar.

Kulturskulen er kjend langt utanfor Herøy kommune for det store og aktive dansemiljøet. Nesten halvparten av alle elevane i skulen går på ei eller anna dansegruppe. Mellom annan er der vanleg dans, jazzdans, ballett, kreativ dans, minidans, koreograf og gutedans. Fleire av desse gruppene framførte kreative dansar, og det ligg mykje arbeid å få på plass koreografien før ei slik framføring.

Noko anna som Herøy kulturskule er kjend for er opplæring i Fiolin. Lærar Andrine Longva Kopperstad seier at det er lurt å starte opplæring på dette instrumentet allereie i 4-5 års alderen. Då får ein utvikla fleksibilitet i fingrane og trening av intonasjonen på ein god måte. Gruppa som spelte på vennefesten imponerte med «Ode to joyful violins». Her var det eit fleirstemt fiolinorkester, og vi forstår det krev mykje øving for å få dette til så bra.

Elles var det elevar som meistra klaver, piano, keyboard, minitrompet, trekkspel, diverse gitarar og iPad. Lærar Knut Vegar Prytz hadde laga ein informasjonsfilm om bruk av iPad og GarageBand. Han intervjua også David Schjelderup som hadde gått på kurset tidlegare i vinter. I fylgje David var dette veldig kjekt, og noko av det artigaste han fekk vere med på var å skrive over 50 autografar då han var med på ein miniturne under kulturskuleveka. Han fekk då framføre noko av musikken han hadde laga, og det var til tider stor kø for å få autografen til David.

Ei klasse på kultuskulen heiter Visuelle kunstfag. Der hadde elevane stilt ut nokre flotte figurar som er laga i løpet av vinteren. I lag med figurane Bjørn, Stork og Skilpadde, var der også teikningar der ulike teknikkar var brukt. Det er tydeleg at det er mange typar talent som får utvikle seg på kulturskulen.

Korleis elefanten fekk den lange snabelen sin? Kven skulle tru at det var krokodilla som hadde skulda? Ei av Dramagruppene viste oss dette, og det var ikkje fritt for at publikum synes synd på elefantungen. Han hadde så mange spørsmål som han ikkje fekk svar på før det var for seint..

Det er lett å sjå at elevane trives i kulturskulen, og det er lett å forstå at det der blir utvikla talent.

– Eg ser klart at kulturskulen som institusjon er særs viktig for eit lokalsamfunn, seier vikarrektor Paulsen. Her blir det gjort mykje godt arbeid med tanke på talentutvikling og opparbeiding av meistringsevne.

– Lokala på kulturhuset er til tider fullt av sprudlande elevar, og mykje musikk og danseglede strøymer ut frå dei ulike undervisningsroma. Då kan ein gjerne bruke omgrepet «Talent- fabrikken Herøy kulturskule»

– Kulturskulen bidreg til å skape sunne haldningar, og eg er sikker på at det er med på å gjere Herøy kommune til ein enda betre plass å bu, seier han til slutt.

Årets vennefest vart avslutta med «Ein farfar i livet skulle alle ha» med elevar på Trekkspel og gitarar, og publikum gav fortent applaus også til alle elevane som hadde samla seg på scena til slutt.