Vi startar ferda ved fontena ved Vestvang bokhandel. To unge gutar med kaps, Henrik Valseth Kvalsvik (9) og Jonas Ulstein Remøy (9), gjer seg klare til å rocke for publikum.

Kulturskule-lærar Knut Vegard Prytz let blikket fare over den vesle folkemengda.

– Vi manglar ein bassist. Eg trur han gjekk for å ete. Vi kan starte å spele medan vi ventar, byrjar han.

Men i mellomtida har nokon fått tak i den tredje guten, David Schjeldrup (12) – han var i ferd med å bestille seg thaimat i «teltet» til Lektakeaway like borti gata.

– Han kjem! roper gitaristen. Og så er dei klare.

Etterpå får vi vite at det er første gong dei tre spelar for eit publikum i lag.

– Det var kjekt, sjølv om eg gløymde plekteret, seier David.

Han byrja å spele bassgitar for eitt år sidan, men har også spela trommer i fire år, opplyser han.

– Artistnamnet mitt er Zid. Du veit han frå filmen Istid? Det var nokon som sa at eg likna på han, fortel David.

Henrik (gitar) og Jonas (trommer) har begge vore elevar ved kulturskulen i eitt år.

– Vi vil halde fram med å spele i band saman viss vi kan, seier dei.

Framføringa var ein del av ein timeslang konsert med elevar frå Herøy kulturskule. Seinare arrangerer dei ein til - på scena på Rådhusplassen.

51 kaker i teltet

Etter konserten ved fontena, spring fleire av musikkskuleelevane bort til teltet på Rådhusplassen. Der har nemleg sanitetsdamene i Solsikken rigga til eit skikkeleg langt sunnmørsk kakebord.

– I år har vi 51 kaker, og det er vi fornøgde med, smiler leiar i Solsikken Sølvi Borgund.

Damene i sanitetsforeininga har stått for om lag 20 av dei. Resten har dei fått frå glade bidragsytarar.

«Kaketeltet» er som vanleg fullt av folk.

Vann gpvekort

Under «kakefesten» vert det trekt tre vinnarar mellom alle bidragsytarane. Camilla Aksnes vinn eit opphald for to på Thon Hotel Fosnavåg, Rita Hodneland vinn eit gåvekort på Restaurant Fosnavåg Brygge, og Berit Klepp vinn eit gåvekort på Sunnmørsbadet.

Konsertar, kunst og oulet

Etter konserten til Herøy kulturskule, gjekk Bergsøy blandakor på scena og song.

Kunstutstillinga på Fosnavåg Brygge opna også denne dagen, og mellom klokka 21 og midnatt var det nattoutlet i teltet.