Jens Terje Johnsen legg ikkje skjul på at han er glad for det som må kunne reknast som ei utstrekt hand frå kyrkja etter den årelange striden.

Det var på visitasmøtet sist søndag at biskopen på spørsmål frå kyrkjelyden svara at vanskane no er eit tilbakelagt stadium, og at «Jens prest» til liks med andre pensjonerte prestar kan bli spurde om å halde gudsteneste bed behov.

«Det beste eg veit»

– Å halde gudsteneste er det beste eg veit. Å gjere det saman med mine eigne, er det aller beste, seier ein letta, glad og litt spent Jens Terje Johnsen.

Sjølv gjekk han av med pensjon sist haust, etter å ha tenestegjort sine siste presteår ved sjukehuset i Volda. Sidan den gong har han ikkje blitt spurt om å ta vikaroppdrag.

Til Vestlandsnytt seier Jens Terje Johnsen at han ikkje reknar med at han kjem til å halde så mange gudstenester, men han er glad for opninga kyrkja no kjem med, frå øvste hald.

– Korleis fekk du vite om dette?

– Ikkje anna enn frå dei som stilte spørsmålet på visitasmøtet, der svaret frå bispen også vart referert i Vestlandsnytt, seier Johnsen.

Var ikkje på visitasmøtet

Han seier han ikkje fann det naturleg å delta på visitasmøtet, slik situasjonen har vore sidan han vart fråteken stillinga sitt i Herøy for åtte år sidan.

Johnsen seier det vil kjennast naturleg med eit møte mellom han og staben i Herøy-kyrkja før det blir aktuelt med eit vikaroppdrag.

– Ikkje minst frå arbeidet ved sjukehuset veit eg at sår lyt reinskast før bandasjen kjem på. Dette gjeld både til kropp og til sjel, seier han.

– Men du er glad for utviklinga saka har teke?

– Ja, for all del. At det vert ei forsoning i denne saka, at eg kan få halde gudsteneste mellom «mine eigne», det er veldig stas.

Jobbar gjerne på dugnad

Jens T. Johnsen har jobba mykje innan det frivillige, mellom anna i Herøy kommune si satsing innan demensomsorga. Han meiner at også i kyrkjeleg arbeid bør slik tankegang i større grad kome inn.

– Ingen talar vel hyppigare om frivillig arbeid enn prestane, sidan kyrkjelydane er heilt avhengige av slikt. Kvifor vert då ikkje då prestane også utfordra til frivillig teneste, slik alle andre vert? Eg såg gjerne at pensjonerte prestar fekk høve til å melde seg inn i eit frivillig-korps, til dømes i høve vikargudstenester. Vi har jo alle saman ein bra pensjon i botnen, avsluttar Jens Terje Johnsen.