– Kva heiter den dvergplaneten der?

Pedagogisk leiar, Anett Husøy, rettar lysstrima frå mobillykta mot ein liten, rund gjenstand oppunder taket i den elles mørklagde hytta.

Eit par meter under skimtar vi konturane av sju små skikkelsar, og sjølv om vi ikkje kan sjå fjesa deira, veit vi at dei sit der med store auge.

– Pluto!

Det unisone svaret vert sunge ut i sopran og falsett.

– Ja! Det er den aller minste. Men Merkur er den minste av dei vi vil ha med i solsystemet vårt. Trur de det er varmt eller kaldt på Merkur?

Dei sju eldste barna i Sirlihaugen barnehage har unnagjort morgonmøtet i barnehagen. Der valde dei ut to «minisjefar», og snakka om dagens hendingar. No – og fram til lunsj er det opplevingane på Heffalomptoppen som gjeld. Der har førskulebarna nemleg si eiga hytte.

Barna er ikkje heilt einige om svaret på Anett sitt spørsmål. Er det kaldt eller varmt på Merkur?

– Der er kjempevarmt, for den ligg så nær sola. Men veit de kva som er endå rarare? På natta er der iskaldt, held Anett fram.

Barna har fått med seg mykje. Det er tydeleg at dette temaet – verdsrommet – som dei har om frå januar til april, engasjerer.

– Kva er dei steinane for noko då, spør Anett, og flyttar lys-strima mot ein isoporkule festa til ein kvit dorull med nokre filtreimar i den eine enden.

– Komet! roper barna i kor.

– Kva er det med dei?

–Dei har hale bak seg, og av og til kan vi sjå ein komet på himmelen, svarer ei.

– Ja, med «fjernekikkert», smiler ei anna.

–Det stemmer. Viss ein komet kjem framom sola, kan vi sjå den med ein stjernekikkert, med ein lang hale av støv bak seg. Faktisk vert ein komet kalla for ein «skitten snøball», for den er laga av is, grus og støv forklarer Anett.

(Artikkelen held fram under bildet)

Snurrar: I denne batteridrivne modellen av solsystemet, fer faktisk planetane i bane rundt sola. Seline peikar ut sola. Foto: Josefine Spiro

To gongar i veka er fem- og seksåringane i Sirlihaugen på Heffalompklubb.

– Onsdagane bruker vi føremiddagen til skuleførebuande aktivitetar inne, seier Anett.

Då jobbar barna med språk, tal og mengder, familie-tema, sosial kompetanse og andre tema på ein leikprega måte. Det er elles torsdagane førskulebarna gler seg mest til. Då er dei ute stort sett heile dagen.

– Då går vi på turar, ser og utforskar. I tillegg lærer barna mykje fakta, seier Anett.

«Undervisninga» skjer gjerne i hytta. Før jul lærte dei små om vikingtida, og no har dei altså om verdsrommet. Til våren vert temaet miljøvern.

– Konseptet vart starta i 2006, og innhaldet har stort sett vore det same heile tida, men vi har forbetra og tilpassa innhaldet undervegs. Til dømes opplever vi at dagens barnegruppe generelt sett har meir kunnskap enn dei første kulla, truleg fordi dei får med seg meir frå til dømes TV, seier Anett.

Samspelet mellom barna er elles minst like viktig som det teoretiske og praktiske innhaldet i læringsopplegget, meiner barnehagen.

– Vi jobbar med å skape gode relasjonar og fellesskap. Desse klubbdagane skal vere fine både for barna og oss vaksne, seier Anett.

Lyset vert slått på i hytta. Barna vil gjerne vise fram verdsrommet-songen sin.

– Vi har sola, Merkur, Venus og vår egen jord. Og lille Mars, der de grønne bor. Vi har Jupiter, Saturn med sin rare ring ...

(Artikkelen held fram under bildet)

Ballong med gass Assistent May-Britt Sætre Leikanger får hjelp av minisjefane Celine og Nora til å lage i stand eit eksperiment med edikk-gass. Foto: Josefine Spiro

Om ikkje lenge skal barna ut på «Heffalomptoppen» og grille «kometpølser» på bål. Men først skal assistent May-Britt Sætre Leikanger og dagens to minisjefar, Nora Margrethe og Seline utføre eit eksperiment.

– Vi skal lage noko som heiter gass. Seinare skal vi lære om to planetar som er laga av gass, forklarer May-Britt.

Nokre minutt seinare får barna sjå ein ballong blåse seg opp «heilt av seg sjølv» ved hjelp av ei plastflaske, eddik og bakepulver.

Å bli «stor» og få vere med i Heffalompklubben er noko dei yngre barna i barnehagen ser fram til, særleg dei som vert førskulebarn til hausten.

– Vi er bevisste på å skape forventningar hos dei som er fødde året før. Dei gler seg verkeleg til å bli størst, seier Anett.

– Dette er den kjekkaste dagen i veka. Det morosamaste er å grille, meiner Oskar, og får medhald av Lily. Men det er ganske spennande med verdsrommet også, synest dei.

– Den kulaste planeten er jorda, for den kan vi bu på, for her er det alltid passe varmt og kaldt, seier Oskar.

– Min favorittplanet er Pluto, for den er så søt, smiler Lily.

Oskar held fram:

– Alle planetane fer rundt sola, og sola er eigentleg ei stjerne som er laga av gass.

– Eg veit at alle stjerner er laga av gass, for det har broren min, Magnus fortalt meg, seier Lily.

Det nærmar seg lunsj, og dei små gjer seg klare til å gå ut i den klare, kalde dagen. May-Britt og dei to minisjefane fyrer opp bålet, medan resten av gruppa hjelper til med å hente benkar til å sitje på. Snart kjem May-Britt med pølser, skjerefjøler og knivar.

– Skjer pølsene opp i tre bitar. Så bryt de opp spagettien og stikk den inn i kvar ende, instruerer ho, og viser korleis det skal gjerast.

Endeleg er det tid for nygrilla kometpølse!