– Låten er ein tribute til boksaren Kevin Melhus, men eg trur alle kan relatere til den, seier Elise Nærø.
Debutsingelen er nemleg eit resultat av at Elise vart invitert inn «i ringen» på boksestemnet «ThisIsOslo» på Aker Brygge 26. mai. Der skulle ho fyre opp stemninga saman med artistar som Omer Bhatti, Jaa9 & OnklP, DJ Spike X og Damien.
– Det kunne eg sjølvsagt ikkje seie nei til, seier Elise.
Men kva for låt skulle ho framføre?
– Eg hadde ikkje lyst til å covre andre, så eg heiv meg rundt og skreiv ein låt. Den enda opp med å bli ein «peptalk» til ein profesjonell boksar, men den kunne like gjerne ha handla om at du skal kle på deg om morgonen, eller noko anna du skulle trengje ein boost til. Eg vil vere ho venninna som backar deg opp, står på skuldra di og heiar på deg, seier Elise.
(Saka held fram under Spotify-boksen)
Fekk med seg folk frå The Voice
Då songen var skriven, heiv fosnavågaren seg nok ein gong rundt – denne gongen for å få låten produsert.
– Eg brukte nettverket mitt, og enda opp i dei utruleg dyktige hendene til Kurder King Production, som står bak lydproduksjonen i The Voice. Det var fantastisk kult at dei ville samarbeide med meg. Vi vart kjempefornøgde med låten.
Fekk kickstart
Elise sin boksar-kompis, som ho vart kjend med under The Voice-eventyret, likte Elise sin nye låt så godt at han ville ha henne til å opne heile stemnet.
– Eg hadde med både dansarar og ein pole dansar. Det var skikkeleg kult!
Så vart låten strøyma på VG.no, men var berre open for VG sine pluss-abonnentar.
(Saka held fram under bildet)
Håper folk vil dele
No då den første singelen er ute, håper Elise sjølvsagt at folk vil lytte og dele den for alt det er verd.
– Ein ønskjer jo å få låten ut, men det er hard konkurranse. Eg er avhengig av at folk vil høyre og kanskje dele låten med vennene sine. Det gjer at eg får ein større plattform når eg kjem ut med musikk neste gong, seier Elise.
Og det vert ikkje lenge til.
– Eg skriv musikk heile tida, og er i ein prosess, så plutseleg kjem det meir – med litt anna lyd enn på den eg har gitt ut no, seier Elise lurt.
Du finn «This is So You» på Spotify, Tidal, iTunes, og snart også på YouTube.