«Debatten» på NRK1 (ekstern lenkje) med Fredrik Solvang i spissen tok tysdag opp spørsmålet om kvifor fleire norske rikfolk flyttar til Sveits, der skattetrykket er betrakteleg lågare enn i Norge. Investorane og næringstoppane Knut Flakk og Roger Hofseth var med i panelet, der også representantar frå Sp, Ap, Høgre og SV tok del. Den nye SV-leiaren Kirsti Bergstø bad som kjent nyleg Kjell Inge Røkke om å ryke og reise.

Tidlegare same dag vart det lansert ein aksjon som skal sikre framleis norsk eigarskap i norske bedrifter. Flakk og Hofseth er initiativtakarar til aksjonen, der målsettinga mellom anna er å få ned den tunge skattlegginga på arbeidande kapital.

Det trengst ein ny kurs, for vi risikerer i dag at endå fleire utanlandske investorar tek over norske bedrifter. Samstundes er skattlegginga ein klamp om foten for lokale investorar og patriotar som Flakk og Hofseth, som er utmerka representantar for den sunnmørske gründerånda.

I programmet var det også intervju med Sande-ordførar Olav Myklebust. Bakgrunnen er sjølvsagt «Bø-grepet» Sande kommune har gjort. I Sande skal formuesskatten ned til 0,2 prosent frå komande årsskifte. Myklebust fekk forklart kvifor ein gjorde det oppsiktsvekkjande grepet, og i studio slo Sp-nestleiar Geir Pollestad fast at det er fritt fram å gjere dette.

Sandssokningane har fått veldig god PR for skattegrepet, som allereie ser ut til å gje avkasting. I januar var skatteinngangen 110 prosent av landsgjennomsnittet. Kan også vere grunn til å tru at «skatteflyktningar» som kjem til Sande vil føre med seg meir aktivitet og kanskje også nyetableringar.

Sande kommune vedtok før jul å setje ned formuesskatten frå 0,7 til 0,5 prosent med verknad frå 1. januar 2023. Neste år skal satsen ned til 0,2 prosent. Mellom dei som har meldt flytting, er Sølvtrans-gründer Roger Halsebakk. Nyleg varsla også Roger Hofseth at han ønskjer å bli sandssokning.