– «It’s about space. It’s about brain. It’s about memory». Skal vi ta det på nynorsk?

Ei humring summar gjennom den fullsette salen. Hjerneforskaren frå Fosnavåg har nettopp gjenteke eit mantra frå det første musikkinnslaget, framført med taktfaste stemmer over dirrande instrumentstrengar av solistane på scena. Den handlar om dagens tema.

Glad for å vere heime

Halvannan time seinare står folk i kø for å ta den heimvende forskaren i handa, skryte og takke for førestillinga. Omsider får vi ein kommentar:

– Det er stort å snakke til sitt eige folk. Det er veldig gøy å sjå at så mange orka å kome på ein søndagskveld, at dei vil sitje og høyre på, og vere så tolmodige.

Så til føredraget ...

«Sjøhesten»

– Eg møtte han som tok ut denne fingerstore delen av hjernen vår. Sjå kor nydeleg han er, seier May-Britt, og siktar til organet vi ser på lerretet over scena. Det liknar ein sjøhest. Difor har strukturen fått namnet «hippocampus», som betyr «sjøhest» på latin.

– Viss hippocampus ikkje er intakt, vil vi ikkje hugse om vi har spist frukost eller kva vi har ete. Vi klarer heller ikkje å hugse nye folk eller ting. Er hippocampus derimot intakt, hugsar vi mykje, og vi klarer å kode ny informasjon, forklarer Moser.

Ho lærer oss eit vanskeleg ord til: «Entorhinal cortex» – ein annan struktur i hjernen som jobbar i lag med hippocampus.

– Det er dei to komponentane i hjernen som gir oss hukommelse og stadsans, seier Moser.

(Saka held fram under bildet)

Hip­po­cam­pus: Struk­tu­ren er på stor­leik med ein fin­ger og lik­nar ein sjø­hest. Foto: Josefine Spiro

Omsette cellelyd til musikk

Hippocampus består av mange nerveceller som snakkar med kvarandre ved hjelp av elektrisitet og små kjemiske substansar.

– Lydane til desse elektriske nervecellene høyrast ut som musikk, seier Moser.

Dette fekk komponist Bertil Palmar Johansen til å bli «spinn gal», ifølgje forskaren. Etter eit besøk på Moser & Moser sin lab, spurde han om å få med seg slike lydar heim att, så han fekk lage musikk. Resultatet har blitt framført i både inn- og utland gjennom den aktuelle førestillinga.

(Saka held fram under bildet)

Kom­po­nis­ten: Ber­til Pal­mar Johansen står bak mu­sik­ken i fø­re­stil­lin­ga. Han er ba­sert på den elekt­ris­ke ly­den av celle­ak­ti­vi­tet i hjer­nen. Foto: Josefine Spiro

Vi lagar oss minnepalass

Stadsans og minne heng tett saman, informerer Moser. Når celler i hippocampus og entorhinal cortex døyr, får vi problem med å lage oss såkalla «minnepalass». I ein av videoane får vi sjå korleis kunstnarane ser føre seg eit slikt minnepalass. Etter filmen seier Moser:

– Såg de korleis lyskastaren gjekk frå rom til rom og leita etter minne, og så var det tomt? Det skjer, og korleis skjer det? Jau, viss nervecellene i hippocampus og entorhinal cortex døyr, vert romma i minnepalasset tømde. Minnelageret i hjernen vert borte.

Å gløyme nokre ting i ny og ne er slett ikkje uvanleg, men:

– Problemet er viss det skjer veldig ofte i tillegg til at ein får problem med stadsansen. Viss folk som har problem med minnet får skanna hjernen, og legane oppdagar at entorhinal cortex har skrumpa inn, er prognosen for Alzheimers dårleg, seier Moser.

(Saka held fram under bildet)

Konst­ru­ert min­ne­pa­lass: May-Britt si dot­ter, Ai­lin Moser, har il­lust­rert kor­leis du kan bru­ke eit min­ne­pa­lass til t.d. å hug­se kor­leis Sør-Ame­ri­ka ser ut og kvar dei uli­ke lan­da ligg. Her ser til dø­mes chili-de­ko­re­ring på kjø­ke­net (Chi­le), «An­gry Tina» i trap­pe­rom­met (Ar­gen­ti­na) og hun­den Boliver i 2. eta­sje (Bo­li­via). Foto: Josefine Spiro

Ser optimistisk på framtida

For Moser, som jobbar med basalforsking (forsking som enno ikkje er teke i bruk), er det viktig å kartlegge kva for funksjonar ulike celler har.

– Då kan andre forhåpentlegvis finne ut kvifor desse cellene døyr og korleis vi kan stoppe celledød. For vi vil ikkje at desse cellene, som er så sentrale for kven vi er og korleis vi fungerer, skal døy. Det er håpet vårt for framtida, og det ser ikkje så ille ut.