Lars Haltbrekken gjesta måndag Søre Sunnmøre og Diamanten på Mjølstadneset for å snakke med lokale fiskarar og Clean Coast frå Vanylven. Haltbrekken er SV sin representant i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget og tidlegare leiar i Naturvernforbundet.

– Ikkje rote med fødestova

Fyrst på møtet vart det snakka om forvalting av Mørebankane. Her var det dagleg leiar ved Runde Miljøsenter, Nils Roar Hareide, som leia an i diskusjonen.

– Vi kan ikkje dele opp havet i eit firkanta rutenett. Ein er nøydde til å sjå på kystområdet vårt som ei elv. Konsekvensane kan bli enorme om ein øydelegg botnforholda her. Dette er gytefelt for dei viktigaste artane i Noreg, sa Hareide innleiingsvis.

Han viste dei frammøtte forskingsresultat og grunnkart av havområdet og fortalde kor høg risiko det er om området bli opna for oljeutvinning.

– Dette er regnskogen i havet, la Nils Roar til.

Hareide fekk også semje frå fiskeri-representantane som var til stades.

– Sett ifrå ein fiskar sin ståstad kan vi ikkje øydelegge fødestova for silda. Det er dette vi skal leve av i all framtid, sa Torbjørn Hide, representant for Herøy fiskarlag.

Etterlyser fokus og kunnskap

Det kom klart fram under møtet at det er eit ynskje om meir fokus på politikk kring havområda våre og at det då også trengst meir kunnskap.

– Vi veit for lite om kva konsekvensar til dømes oljeboring kan ha og derfor må vi kartlegge slikt, slo Hareide fast.

Svein Rune Smådal, teknisk sjef i Havila, påpeikte at han synest det er lite politisk merksemd kring havområda.

– Biomassane i havet må få meir fokus politisk.

Lars Haltbrekken var einig i dette og tok til orde:

– Eg trur at også det vil bli lettare å få dette på dagsorden i tida framover no som plastproblematikken i havet har fått slik merksemd.

Presenterte Clean Coast

Etter ein time med diskusjon kring Mørebankane og fiskeri, pendla temaet over på plastproblematikken i havet. Her var det dagleg leiar i vanylvsbaserte Clean Coast, Elisabeth L. Haugen, som leia an i diskusjonen. Ho presenterte kva deira idear går ut på.

– Vi vil nytte oss av offshorefartøy som ligg i opplag til å lage ein flytande miljøstasjon. Den skal ha i oppgåve å reise langs kysten og hente, sortere, behandle og levere plastavfall, presenterte ho.

Vil ha varig vern

Då møtet var over kunne Lars Haltbrekken fortelje at han hadde fått rikeleg med politisk ammunisjon som han kan ta med seg tilbake og inn i politikken på Stortinget.

– Særleg har eg fått mykje nyttig informasjon i tilknyting til Mørebankane og om viktigheita for sildefiskeriet i Noreg.

Haltbrekken forklarte vidare at dei kjem til å føreslå at områda skal givast eit varig vern mot oljeindustri.

– Det å ta vare på dei områda er heilt avgjerande for Noreg. Dette er utruleg viktig for naturen og Noreg som fornybar nasjon. Det er snakk om resursar vi kan nyte godt av, og treng i framtida, heldt han fram og proklamerte kor viktig fiskerinæringa blir framover.

Om Clean Coast sitt prosjekt seier han det er interessant. Det er viktig å samle inn plast, men endå viktigare å stoppe at meir hamnar i havet, avslutta han, og takka for innspela til dei frammøtte.

– Eg har definitivt hatt god nytte av denne turen.