Då hadde ferja vore vêrfast det meste av første nyttårsdag.
- Vi prøver no, og satsar på at turen let seg gjennomføre, fekk vi opplyst på brua til "Kvam" då vi ringde litt over klokka 18 tysdag.
Larsnes-sambandet stengde, opna, men stengde igjen
Slik Vestlandsnytt skjønar det, er det særskilt Voksa ferjekai som har bydd på dei største problema i den nordlege stormen tysdag. Då ferja gjekk ein tur midt på dag, måtte Voksa-anløpet sløyfast. Av denne grunn har det i difor vore fleire passasjerar om bord i ferja som har vore vêrfaste i fleire timar.
Mange nyttårsgjestar på øyane har fått eit lengre opphald i havgapet enn dei venta seg.
Stolpe heng over stengd fylkesveg
I følgje AIS kursar ferja til Åram først. Det kan tyde på at ein framleis vurderer det å anløpe Voksa som utrygt.
OG: Klokka 19.00 frå Larsnes verkar ferja å vere i ordinær rute igjen.