– Martin er ein solid, ung gründer, akkurat den typen vi er ute etter gjennom konseptet Næringsteft, seier regionbanksjef i Sparebanken Møre, Kjell Brudevoll.
Herøyværingar har verkeleg markert seg i næringskonkurransen som vart sparka i gang i fjor. Ti frå Herøy var med i første runde i 2018, medan heile tre av ti semifinalistar kom frå denne kommunen. I år er Martin Jung Leine representert frå Herøy i semifinalen, der det er ti attståande gründerbedrifter. I tillegg finn vi også ei bedrift frå Hareid og ei frå Vanylven mellom semifinalistane.
– 1. februar vil ein fagjury bestemme kva for tre kandidatar som går vidare til finalen, opplyser autorisert finansiell rådgjevar i Sparebanken Møre Fosnavåg, Ruben Kvalsvik.
Flowtru
Selskapet Flowtru sin kjerneanke knyter seg til vatn i rørsle.
– Den unike ideen i produkta våre er prinsippet om å føre krefter til eller frå ein propell. Krafta vert ført til periferien av propellen, noko som inneber at vatn faktisk flyt gjennom drivlina i produkta våre, og ikkje berre forbi. Difor har vi namnet Flowtru, forklarar Martin Jung Leine.
Overfor Vestlandsnytt seier han at ideen og tankane om å gjere ein leveveg ut av desse, er noko han har sysla med i meir enn femten år.
– Vi er godt i gang. Selskapet har tre eigarar, der den eine, Roar Stenersen, er styreleiar. Førebels skjer det på heimekontoret mitt, og vi tek sikte på å ha klar ein prototyp før sommarferien i år, seier Martin Lung Leine.
Flowtru har også Innovasjon Norge med på laget. Det i form av statleg næringsstøtte på 700.000 kroner. Selskapet har også fått solid oppbakking av Herøy kommune, som har løyvd 150.000 kr frå næringsfondet. Pengane går til patentering og bygging av prototyp.
Solid erfaring
Danskfødde Martin er utdanna maskiningeniør, med erfaring mellom anna frå DNV, Rolls-Royce Marine, Ulstein og Runde Miljøsenter, før han altså gjekk i gang med si eiga, private satsing.
– Eg kjenner det maritime klynga i regionen godt, og har også eit bra kontaktnett. Ein av samarbeidspartnarane våre er Oshaug Metall AS i Molde, som mellom anna er kjende for kunnskap og metodar for smart og fleksibel framstilling av kundetilpassa komponentar i bronse og aluminium, opplyser Martin Lung Leine.
Spørsmålet er kva type næring og bransje Flowtru vil sikre seg inn mot. Her opplyser Jung Leine at det er nærliggande å sikte seg inn mot mikro- og minikraftverk, framdrift og manøvrering av båtar, og i tillegg ulike typar pumper.
– Planen er å etablere ei lokal høgkompetasebedrift som treng folk innan ingeniørfaget, automasjon, hydrodynamikk, oseanografi og marin biologi. Når det gjeld produksjon, tenkjer vi også lokalt, der planen er å knyte til oss lokale verksemder, seier gründeren.
– For meg er det gjevande å vere i Næringsteft, som samarbeider med kunnskapsparkar og har eit profesjonelt program som gir mange tilbakemeldingar på korleis ein står i prosessen, seier Martin Jung Leine.
Hjelp til å lukkast
Regionbanksjef Brudevoll seier mykje av drivkrafta til Sparebanken Møre er å gje gründerar hjelp til å lukkast, slik at idear kan settast ut i praksis og bli realiserte, og at ein dermed kan skape endå meir aktivitet i vekstfylket Møre og Romsdal.
– Det er veldig kjekt å sjå at vår region igjen er representerte med fleire dyktige kandidatar, seier Brudevoll.