– Denne æresprisen heidrar ein føregangsmann som har bidrege stort til at Herøy blei ei stor offshore-kommune. Han er særs verdig å bli utnemnt til æresmedlem i Fosnavåg Shippingklubb, sa president i Fosnavåg Shippingklubb, Richard Gjerde, då han delte ut prisen til Ståle Remøy på torsdag.
Prisen får han for å ha vore ein person som har gjort ein betydeleg forskjell for shippingmiljøet.
Langt liv i fiske og offshore
Ståle Remøy kan sjå attende på ei lang og imponerande karriere. Mannen frå Remøya starta som fiskar allereie før han hadde fylt 20 år. Med bror sin Tore skaffa dei seg ein eigen fiskebåt i 1972. Etter kvart kjøpte dei også ein belgisk trålar frå Nord-Norge som dei bygde om til ein stor og moderne snurpar kjent som «Stålbas». Båten gjekk etter kvart inn i teneste som kystvaktfartøy frå 1976–2000.
Etter dette bygde dei seg ein ny snurpar på Ulstein verft som fekk namnet «Torbas».
– Det var på denne tida vanskelege tider i fiskeri, noko som fekk Ståle til å sjå etter nye muligeheiter. «Torbas» fekk etter kvart kontrakt med Norsk Hydro som mulitfunksjonsfartøy, og dreiv standby teneste, oljemud service, reinsing av mud og så vidare, fortel Gjerde.
Dette gav Ståle meirsmak, og midt på 80-talet skaffa han nye fartøy som blei ombygde for supply verksemd.
Ståle og broren Tore etablerte då driftsselskapet Remøy Management i 1983/84.
Selskapet utvikla seg stadig og fekk etter kvart mange oppdrag for fleire skip.
Etter ei epoke med offshoreskip og fiskebåtar blei det bygd ein del nybygg til kystvakta.
– Gjennom heile si karriere har Ståle konsentrert seg om å drive selskapet på beste måte og har samstundes teke godt vare på familien sin, og dei tilsette, fortel Gjerde, som også rosar familien og dei tilsette som har jobba med Ståle.
– Ikkje mogleg åleine
– Eg takkar for dette, og eg må sjølvsagt få seie at dette ikkje hadde vore mogleg hadde det ikkje vore for gode kollegaer som drog lasset.
Det sa Remøy etter å ha tatt i imot æresprisen.
– Det har vore mange folk som har stått ved mi side. Ein ide er greitt, men det skal meir til enn berre det, avsluttar ein takksam Remøy.