– Eg tok med meg litt heim for å smake på den. Hadde eg teke med meir enn det eg gjorde hadde eg framleis ligge på sofaen, spøkjer Per Ove Djupvik.

Han viser fram årets parti med boknasild som heng til tørk i lokala til kystlaget.

Circa 3000

I alt har silda hengt til tørk i 14 dagar.

– I år har vi laga til om lag 3000 stykke, anslår Sveinung Kopperstad og Idar Markussen.

Silda er sponsa av Fosnavaag Pelagic.

Utsal på allmenningskaia

Boknasilda skal seljast laurdag morgon på allmenningskaia.

– Ho er populær så ho fer truleg fort. Inntektene går til vidare drift av kystlaget, forklarar Kopperstad som håpar folk er svoltne på boknasild på laurdag.