– Tenk så heldig eg er som får kome å besøke dykk.

Ei smilande dame sit i midten av rommet og lyttar til Synnøve Kvalsvik som spelar Amazing Grace på blokkfløyta si. Dama er biskop Ingeborg Midttømme. Saman med Camilla Storøy og dei tilsette i Herøy kyrkje, er Midttømme og prosten for søre Sunnmøre, Ingeborg Matre, på visitasrunde i Herøy. Denne turen har omsider enda opp i lokala til Herøy produksjon på Myklebust. Her er dei for å sjå kva dei tilsette driv med.

Imponert

Etter Kvalsvik har framført to musikkstykke på fløyta, tek Midttømme fram ein pose full av små papirblomar. Ho delar dei ut til alle i rommet og i tur og orden får alle opne sine blomar som avslører bibelvers.

– No etter pinse er det spesielt ein bodskap eg ynskjer å nå ut med, og det er at vi alle er verdifulle. Dette er også noko som er heilt naturleg å trekke fram her på Herøy Produksjon, fortel Midttømme.

Midttømme siktar då blant anna til kor flinke dei tilsette er til å verdsette kvarandre og arbeidet dei gjer. Ingeborg kjenner seg også verdsett når Petter Agersborg overrekker henne eit vakkert hjarte som han har laga i tre.

– Dette er ei utruleg flott bedrift med mykje verdigheit og med mykje glede. For alle menneske er det viktig å ha ei kjensle av å bidra til samfunnet. Dette er ei veldig viktig bedrift i så måte. Eg må også seie eg er imponert over alt som vert produsert her, forklarar Midttømme, medan vi er på omvisingsrunde på bruket.

Vi får blant anna sjå snikkargjengen lage blomsterkasser og småbord. Bispen blir så imponert at ho freista å kjøpe nokre av møblane som blir laga.

Erfaringar frå visitasen

Det er åtte år sidan biskopen sist var i Herøy på visitas. Besøk hjå Herøy produksjon var derfor berre eitt av mange gjeremål den førre veka. Blant anna har Midttømme snakka med både kommuneadministrasjonen, tilsette i kyrkja og deltatt på ei rekke arrangement. Målet har såleis vore å kartlegge det arbeidet meinigheitene gjer i lokalsamfunnet.

– Etter førre visitas sa eg at eg hadde fått inntrykk av ein kommune som var seg bevisst på å vere «Ei båtlengd føre». Det var visjonen den gongen, og det er visjonen no. Så langt eg har erfart, er det framleis ei god beskriving, fortel Midttømme.

Ho drek spesielt fram at Herøy har utarbeida ein god kyrkjemusikalsk-plan.

– Den nyleg vedtatte planen for kyrkjemusikk, er svært gledeleg å lese. Planen femnar breitt og har med målsettingar og tiltak for gravferd, vigsel, lovsongsteam, korarbeid, konsertar, trusopplæringa og arbeidet på institusjonane, skryt Midttømme.

Etterlyser diakon

Likevel har biskopen, som også er påpeikt av tidlegare biskop, lyst å kome med ei rettleiing i høve oppretting av ei diakonstilling i kommunen.

– I førebuinga til denne visitasen, er det tydeleg for meg at tida no er komen for igjen å sette fokus på verdien av ei diakonstilling. Det har det vist seg å vere stor semje om – også politisk. Eg vil anbefale at sokneråda i fellesskap utarbeider gode planar for diakoni, og ser på heilskapen i samspel med plan for kyrkjemusikk og trusopplæringsplanen sine mål, avsluttar Midttømme, som til slutt vil skryte av Herøy og takke for denne gongen