Det populære dansebandet Contrazt kjem, og med seg på scena får dei Steinar Engelbrektson Band. Ved hallen er det fredag allereie byrja å fylle seg opp med bubilar. For anledninga er det nemleg gratis bubilparkering.

- Overskotet frå arrangementet går tilbake til breiddeidretten, så her er det berre å møte opp. Dess fleire folk som kjem, dess betre grunn har vi også for å arrangere fleire slike arrangement

Det seier primus motor bak arrangementet, driftsleiar i Fiskarhallen, Sigurd Helsem Sævik. Saman med Ingmar Gotten er det han som har stabla arrangementet på beina.

- Så får vi også god hjelp med G16 laget til Bergsøy, seier Sævik.

Arrangementet har ei aldersgrense på 18 år, då det blir alkoholservering. Matservering blir det også.

- Det er allereie selt fleire billettar på førehand, men vi vil også selje billettar i inngangen, avsluttar Helsem Sævik.