Og køyring kan moderen også med serfikat og greier, og på isglatte vegar no. Då når det er slik er faderen dåneferdig av at han er skitredde nede i buksene sine for bilen, skal eg vedde på at han er.
I desember før jul var det ekstra mykje sjelving, så: «Det er best eg køyrer sjøl på dette føret, etter juletreet med bilen så glatt som han er, eg so har erfaring nok til slikt føre,» meinte faderen at han hadde, og juletreet skulle han hente.
Eg sat i stova og nekta å vere med, men fole lenge etterpå kom faderen og bar på noko han sa var juletre, så eg flirte. Og moderen kvitra: «Nei du store moses, sel dei rot med på juletrea no for tida?», ville moderen vite om dei gjorde no til dags. Og faderen berre glante og heldt juletreet med rot og alt.
«Er ikkje dette for lite for oss i år som du brukar å seie om juletre», sa eg til faderen at han brukar å seie til oss om juletrea våre før om åra. Og faderen glante og vart meir løyen, så han sa: «Det var ikkje tid til å velje juletre i år når eg for i full fart som varmt kveitebrød i turt gras på blankisen med akterenden først på bilen attover, og eg med ryggjen til, så juletreet såg eg ikkje før det kom opp framme og var litt pynta med, under bilen, med raudtblinklysglas i toppen,» påsto faderen at det gjorde.
«Hahahhahaha,» skratta moderen som vanleg, «Ein storlygar er du og bilen?» ville ho vite uten å flire og var grå.Men faderen var rødma og sa: «Ja lyg nei? dessverre, det var «fjosh» og «bang» og rundt, og rett attover bak, med fæl lyd inn i jungelen, så juletreet er sjølrydda med slepekrok og støtfangar på bilen med rot på, og mold og det heile og bong og kul framme og bak,» trur eg det var faderen prøvde å seie oss.
«På juletreet?» ville eg vite om han meinte at det var. Og faderen fekk at gamle fargen i fjeset og litt humør og forkynte: «Eg meinte «bong og kul» på deg, Stratis, spesjelt bak av kioskmat i rauene og brus,» meinte han.
Og moderen pistra ut: «Og... bilen, kor... er han... køyrande... då?» Men faderen riste på haudet så eg høyrde omtrent kor tomt det var, så moderen smilte og var beroligende: «Og så reparerer vi på kaskoen bilen», sa ho som ei lerke, så blid vart ho i målet og med Twist også .
Og faderen svarte ikkje og snudde seg på sofana so rånge sida sto fram. Så eg ropte: «Hallo sjåfør, skal eg setje det i vatn juletreet? med rot og det heile?», ville eg vite. Og moderen blenka til meg, slik at eg sa: «Norges dyraste juletred i verfall i år, er på kaskoen for eingongsskuld», skøya eg at kanskje gjekk an. Men litt av bilen vart plukka ned og studert kvar det passa, når vi pynta, men det vart vist ikkje på kaskoen, men, med rot i verfall, og så song vi julesongar rundt.