Vi treff Lisabeth Brekke Sylthe (Lizz) via ein mobiltelefon, midt mellom kaffi og vannmelon ved eit stovebord på Kvamsøy. Ho har ikkje vore å lett å nå den siste tida.
– Det strøymer framleis inn med meldingar. Eg hadde ikkje trudd at eg skulle få så god respons på CD-en, seier ho.
Ja, for midt i vår «støymingstidsalder» har Lizz gitt ut heilt ekte CD-plater.
– Plateselskapet (GYGRE) bestilte 500 eksemplar. I dag er no ikkje CD det heilt store – men eg har alltid drøymt om å gi ut plate. Difor tenkte eg at eg ville vere fornøgd viss eg berre fekk halde ei i handa, seier ho.
Men interessa for gode, gammaldagse CD-plater er tydelegvis ikkje død.
– Eg kjøpte først to pakkar med bobleplast-konvoluttar, og tenkte at det heldt til bestillingane. Så kjøpte eg to til, for sikkerheits skuld. Men det var absolutt ikkje nok. Så langt har om lag 100 bestilt CD via post, seier den overvelda artisten.
Strøymer godt
Albumet har sjølvsagt også kome ut på Spotify, Tidal og iTunes. På Spotify åleine har Lizz om lag 2275 månadlege lyttarar. Den mest spelte låten frå det nye albumet heiter «Carry» og er i skrivande stund blitt strøyma 225 404 gongar.
Laga musikkvideo sjølv
17. juni lanserte Lizz musikkvideoen til låten «Magic».
– Mesteparten er filma på Ristesund. Vi var veldig heldige med vêret den dagen, seier Lisabeth.
Ho fekk eit par venninner til å hjelpe til med sjølve filminga. Elles har Kvamsøy-jenta teke seg av alt frå regissering til klipping og redigering sjølv.
– Eg vart veldig fornøgd med resultatet, og eg føler at videoen ser proff ut, seier ho.
På spørsmål om kvar Lisabeth har lært seg ferdigheitene, svarer ho:
– Eg har leika meg med filmredigering sidan eg fekk min første datamaskin.
Kjensleladde låtar
Lizz skriv låtar frå hjartet. Det er noko ho håper fansen hennar merkar.
– Eg vil at lyttaren skal kjenne det eg kjenner når eg skriv og syng. Eg har fått gode tilbakemeldingar på at folk kjenner seg igjen i låtane mine, og dei føler at eg syng med meining. Ingenting er betre enn det, avsluttar Lisabeth Brekke Sylthe.