Vestlandsnytt sender nemleg direkte frå konferansen, som går av stabelen onsdag ettermiddag.

– Eg gler meg til det som eg trur vert eit innhaldsrikt og nyttig program, seier primus motor Jan Åge Fjørtoft.

Etter opning onsdag vert det samtale med fiskegründer Roger Hofseth, som har bygd opp eit milliardkonsern. Deretter vert det debatt kring temaet «Korleis skal vi jobbe om ingen torer å satse?». Til stades vert mellom andre stortingsfolk og representantar frå næringslivet. Og så skal fem gründerar frå årets «Næringsteft» presenterast.

Det vert også ein seanse med informasjon og diskusjon rundt temaet sikkerheit, i eit globalt og lokalt perspektiv. Ein bolk med song og musikk vert det også. Pluss ei prisutdeling!