Det opplyser Møre og Romsdal politidistrikt, som tysdag frigav namnet til den omkomne etter skredulykka ved Langenestiden i Ørsta.

Dei pårørande er informerte om at namnet blir gitt til media.

Voldingen Vidar Egset var eit kjent namn for mange fotballinteresserte på Sunnmøre. Han har i fleire år også vore med leiinga av sin lokalbank i Sparebank1-systemet.