Aktiviteten på Mjølstadneset tek seg opp. Det er for tida hektisk byggeaktivitet på det store industriområdet. Fleire nyetableringar går føre seg samstundes, og i tillegg er det som kjent også ei omfattande utviding av kaiene på gang.

Ikkje minst knyter det seg spenning og interesse til korleis nybygget til Ervik & Sævik vil slå an. Det vert endå eit signalbygg like ved Havila-diamanten. Rita Sævik & co. si satsing tilfører Mjølstadneset ein ny dimensjon, med publikumsretta satsingar på mat og kultur. Eit veldig spennande konsept, og vi trur ikkje lokalpolitikarane vil angre på at dei opnar for noko ekstraordinært på eit industri- og forretningsområde, der det altså er flust med knoppskytingar for tida.

Det å plusse på med publikumsretta innslag på Mjølstadneset kan også passe inn i bildet om Hurtigruten og Kystruten sine cruiseanløp vert flytta frå Torvik til Mjølstadneset. Slike endringar bør naturleg nok gjennomførast etter ein grundig prosess der alle sidene av saka er vurderte skikkeleg.

Herøy kommune er no ute med ei undersøking der ein spør aktuelle instansar til råds i saka. Undersøkinga er retta mot bedriftene på Mjølstadneset, men her er det – som kommunen påpeikar – viktig at alle kjem til orde. Eit sentralt spørsmål i saka er kvar den tredje kaia på Mjølstadneset skal byggast.

Torvik er av fleire trekt fram som ein dårleg stad for cruiseanløp. Likevel skal ein ikkje gløyme at Torvik vêrmessig ligg skjerma og fint til. Mjølstadneset, som altså er i vinden for tida, er litt meir utsett til for tøffe vêrforhold. Men, ja: Det meir sentrumsnære Mjølstadneset seglar opp som eit brennheitt alternativ for anløp når det gjeld dei nemnde passasjerskipa. Kanskje vil ei endring her også medverke til at Herrøy får behalde anløp frå hurtig- og kystruter. Det er nemleg inga sjølvfylgje.