– Erfaringane vi har gjort oss med eit avgrensa produktutval, gjer at vi no kjem til å satse både med nye produkt og nye marknader.

Det seier Ole Sande og Gjermund Bringsvor, som allereie har kome godt inn på marknaden for hundesnacks basert på tørrfisk frå Per Stave på Stadlandet. I 2018 selde dei 250.000 posar med tørka hundesnacks under eige og andre merkenamn, utan noko særleg innsats på maraknadsføring og sal.

Produktutvikling og sal

No skal dei tilsette ein person som skal ta seg av den viktige biten som dreier seg sal og vidare utvikling av Vitbit-produktet.

– Lukkast vi her, slik vi håper og trur, kan mat og snacks til hund og katt fort utvikle seg til å bli utgjere ein betydeleg del av det vi held på med, seier dei to kompanjongane i sjømatbedrifta Finefish.

Frå Asia til Norge

Sande og Bringsvor legg ikkje skjul på at avtalen dei nyleg sikra seg med Felleskjøpet har vore sterkt medverkande til at dei bestemte seg for å kline til med vidare satsing i den veksande marknaden.

Felleskjøpet er ifylgje dei to ein av fleire store marknadsaktørar som har bestemt seg for å satse på norskprodusert fôr etter fleire episodar med mellom anna bakterielle problem med importerte produkt frå Asia.

– Det er her vi meiner mulegheitene opnar seg for norskprodusert dyrefôr basert på fisk av same kvalitet som blir nytta til menneskemat, seier dei to.

Nye produkt

Frå å vere eit reint tørrfiskbasert gourmetprodukt i bit- og pulverform, skal Vitbit utviklast vidare til også å omfatte våtfôr-segmentet.

Dei to fortel at Vitbit-produktet har fått veldig gode skussmål med bakgrunn i k valiteten på råstoffet som blir nytta, det høge proteininnhaldet og ikkje minst med tanke på den positive innverknaden Vitbit sine tørka fiskesnacks har vist seg å ha på tannhelsa til hund.

Det største vekstpotensialet ser dei likevel innafor våtfôr, i tru på at fôr basert på fisk skal ta meir og meir over for kyllingbasert dyrefôr. Også på det området er det dei som har bestemt seg for å stoppe importen frå Asia.

– I dag dreier det seg mest om snacks, men kvar vi kan hamne veit vi ikkje, seier Bringsvor og Sande.

Fleire produsentar

Men det dei ikkje tvilar på, er at andelen norskprodusert kjæledyrmat kjem til å auke sterkt framover, og at det finst store mulegheiter for norske produsentar også på den utanlandske marknaden.

Finefish-gründereane forventar at når dei utvidar med nye produkt, kjem dei òg til å få behov for å knyte til seg fleire produsentar.

– Stave er best på tørka produkt, men når det gjeld våtfôr har verken dei eller vi på Sandefisk produksjonsanlegg som eignar seg slik forholda er i dag.

Utnytting av råstoffet

Til no er det dei rimelege fiskeslaga som sei og hyse som har vore nytta til produksjonen av snacks. Når det gjeld produksjon av våtfôr trur dei til dømes filetproduksjon til menneskemat og biprodukt til dyrefôr kan vise seg å bli ein ypparleg kombinasjon om ein finn dei rette produkta.

– No er vi i ein fase der vi er ute etter å finne den optimale kombinasjonen og dei rette produkta, seier Ole Sande og Gjermund Bringsvor.

Det dei med sikkerheit kan slå fast, er at bransjen har vist seg å vere mykje større enn dei var klar over då samarbeidet med Stave starta i det små i 2017.