Mange av Vestlandsnytt sine lesarar hugsar sikkert den spesielle saka frå nokre veker tilbake, der Sande klaga på tildelinga av pengar gjennom midlar i Havbruksfondet.

Det vart frå sandssokningane si side peika på at Marine Harvest sitt anlegg utanfor Voldneset ligg delvis i Sande. Av denne grunn ville Sande ha ei utbetaling tilsvarande sin del av anlegget sin storleik.

Berre midtpunktkommunen

– Anlegg som kryssar kommunegrenser gir ikkje delt utbetaling frå Havbruksfondet, skriv seksjonssjef Kristin Skarbøvik i Fiskeridirektoratet i eit brev til Sande kommune.

Berre lokaliseringskommunen får pengane, vert det lagt til. Det koordinatfesta midtpunktet for lokaliteten, og kommunen der dette midtpunktet ligg, er bestemmande, legg direktoratet til.

Det vert i svarbrevet lagt til at det 1. september 2018 ikkje var registrert nokon lokalitet for laks eller aure som hadde koordinatfesta midtpunkt i Sande.

Vaagen: – Uforståeleg

Sande-ordførar Dag Vaagen tek Fiskeridirektoratet sitt svar til etterretning. Men:

– For meg er det ganske uforståeleg at Fiskeridirektoratet lagar ein rettleiar for praktisering som synest å bryte klart med intensjonane og kriteria for ordninga med utbetaling frå Havbruksfondet.

Han syner til pressemeldinga frå fiskeriminister Harald Tom Nesvik frå september, der det vert informert om «tidenes utbetaling til laksekommunane.

– Her går det klart fram at det skal løne seg for kommunane å legge til rette for laksenæringa. Utbetalinga skal synleggjere at oppdrettsnæringa gir noko tilbake til lokalsamfunna som bandlegg areal for laksenæringa, seier Vaagen, og legg til:

– Det er faktisk slik at det aktuelle anlegget ved Voldneset disponerer og bandlegg betydeleg areal i Sande. Det er krav til at slike anlegg skal vere registrert med koordinatar for ytterpunkt. Det vil seie at direktoratet har nøyaktig kunnskap om arealbruken på begge sider av kommunegrensa og det skulle vere den mest naturlege sak å legge slikt prinsipp til grunn for fordeling av utbetalinga.

Vaagen opplyser til Vestlandsnytt at han vurderer å fylgje opp saka politisk.

– Det er ei prinsipiell sak som vil få betyding også for framtidige utbetalingar, seier han.

Indregård: – Praktiseringa er i strid med kriteria

Konstituert rådmann Oddbjørn Indregård i Sande kommune er heilt på linje med Vaagen i dette synet:

– Slik eg les ordninga om havbruksfondet, er der to kriterium som skal tilfredsstillast for å få utbetalt tilskot. For det første gjeld det tilrettelagt sjøareal, og for det andre oppdrettsfisk i sjøarealet pr. 1. september.

– Sande kommune tilfredsstiller begge kriteria men får altså likevel ikkje utbetaling frå fondet. Eg kan ikkje lese dette på anna måte enn at Fiskeridirektoratet har ei praktisering som står i motstrid til kriteria for fondet, seier Indregård i ein kommentar.