– No flyttar vi avdelinga på Leikong over til Dragsund og bygningen vi har kjøpt. Her ser vi føre oss vidare vekst og utvikling på ytre, seier adm.dir. Eldor Skeide i Furene AS til Vestlandsnytt.
Mellom anna var det kommunale Fristadbygget mellom dei aktuelle bygningane for det interkommunale selskapet, noko Skeide kan stadfeste.
Furene kjøper bygningen på om lag 2.000 m² av selskapet Per Gjedrum Eigedom AS.
– Med ei sentral plassering og meir moderne lokale legg vi til rette for vidare vekst og utvikling også på ytre søre. Vi tek sikte på å flytte aktiviteten vår frå Leikong inn i det nye bygget i løpet av hausten, seier Skeide.
– I tillegg til at dei nye lokala stettar alle krav til arbeidsmiljø og universell utforming, gir flyttinga høve til for auka satsing og kapasitet på våre eksisterande produktområde, legg han til.
Aukande arbeidsmengd
Skeide fortel om aukande oppdragsmengde og tek mål av seg sjølve til å bli den leiande leverandøren for gravering og profilering på ytre søre.
– I tillegg vil lokala gi oss moglegheit til å sjå på nye forretningsområde og oppdrag.
– Vi gler oss til flyttinga og moglegheitene dette gir oss, seier Børge Sætre som er avdelingsleiar.
Førebels vil Furene ikkje ta i bruk høghallen til eksisterande forretningsområde, og er opne for både innspel til nye forretningsområde, samarbeidsprosjekt og eventuelt utleige, vert det opplyst. Hallen er utstyrt med kraftige traverskraner og eignar seg til ulike formål.
Fakta om Furene
Furene har hovudkontor I Furene i Volda Kommune. Det er ei arbeid- og inkluderingsbedrift med 72 tilsette
I løpet av eit år er rundt 800 innom Furene for ei eller anna oppfølging med mål om arbeid. Fleire av desse har behov for ekstra tilrettelegging av arbeid. Mange treng våre interne produksjonsarenaer i kortare eller lengre periodar til arbeidstrening og kvalifisering.
I tillegg til plasseringa i Furene har Furene i dag aktivitet og lokale i Ørsta, Ulsteinvik, på Fiskå og på Leikong.
Avdelinga på Leikong er opphavleg Dragsund ASVO, som fusjonerte inn i Furene i 2014.
Avdelinga har i dag produksjonar innan profilering, gravering, mekanisk og spesialemballasje i tre.