– I dag skal vi gjere noko de truleg alle har gjort før. De skal ete mat medan de ser film, men i motsetning til popkorn og fredagstaco skal de nyte filmen med ein tre rettars middag.

Slik innleia Holum kvelden då han inviterte inn til pynta lokale med feststemning og boblevatn.

– Vi kallar det for kulinarisk kino, ein litt utradisjonell måte å sjå film på. Konseptet er eigentleg enkelt, vi ser film og et god mat samstundes.

Filmperler

Bord på bord var pynta og før vi visste ordet av det var nesten alle seta opptekne og programmet kunne byrje. Fyrst gjekk Holum opp for å formelt ynskje velkommen til den fyrste av fleire «filmperlevisingar» på Fosnavåg kino i tida framover.

– Vi viser mange filmar på kinoen og har eit breitt utval, men no har vi lyst til å byrje å tilby det som på fagspråket blir kalla for kvalitetsfilm. Dette er filmar som elles går litt forbi radaren til folk, men som haustar stor entusiasme i industrien og er ofte også dei som merkar seg ut som prisvinnande verk, forklarte Holum.

Tysdag blei såleis ei markering av at det framover blir eit endå rikare kinotilbod i Fosnavåg. Denne veka har det vore, og held på framleis, ein mini-filmfestival på Fosnavåg kino som også er sentrert rundt kvalitetsfilmar med visingar av alt ifrå gamle klassikarar som Cinema Paradiso, til den heilt nye filmen Shape of water som hausta heile fire Oscar statuettar og ni nominasjonar.

–Denne minifestivalen er også meint som ein introduksjon til den nye filmperleklubben, sa Bjørn, og inviterte publikum til å gjere dette til ei vane.

Begeistra for satsinga

Etter at Holum hadde innleia kvelden fekk publikum lytte til eit lite foredrag ved tilreisande filmvitar og kulturvitar, Kalle Løchen. Han gav ein kort introduksjon av kveldens film, The Lunchbox, ein prislønt indisk film om den eine gongen då «lunchleveringssystemet» i Mumbai gjer ein feilleveranse, ei hending som spelar opp til ei vakker kjærleikshistorie.

– Eg må også få lov til å seie kor bra det er at Fosnavåg kino har lyst til å satse på meir kvalitetsfilm. Før eg kom såg eg over programmet, og eg må seie der er «filmperler» de har gått glipp av, men som no Bjørn har funne ein fin måte å opne opp for, sa Løchen, før han runda av med å presentere resten av vekas filmprogram.

Gav meirsmak

For neste bit av programmet, filmframsyninga med middag, må det ver lov å slenge inn ein subjektiv merknad og kalle den for smakfull. Til filmens anslag vart vi servert ein soyaglasert laks servert over grøn salat med sesamfrø. Etter kvart som handlinga byrja å trappe seg opp kom ein heilgrilla Entrecote med krema soppsaus, råsteikte poteter, pure av røykte graskar og bakte grønsaker. Rett før klimakset i dramaturgien vart måltidet avslutta med nydeleg creme brule med vaniljemarinerte skogsbær.

Dommen til publikum var såleis klar etter ein fin film.

– Dette gav meirsmak, vi vil rose konseptet om å vise slike gode filmar som dette og middagen var kjempegod, konkluderte folk som sat attende etter filmen var over.

Guri Aasen kom også med ein merknad som rosa konseptet.

– Eg vil rose Bjørn for å satse også på det litt meir «smale» og ikkje berre det store «kommerse». Med slike tilbod blir kulturtilbodet endå breiare her ute, sa ho.