Det har vore stilt spørsmål om kor vidt det kom til å bli noko av den stolte speltradisjonen, Kong Arthurspelet, på Sandsøya i 2019, då spesielt etter debatten kring salet av Sandebu. Men no tek styreleiaren bladet frå munnen og kan med glede annonsere at det blir spel til sommaren.

– Ja, det blir spel og vi gler oss veldig til nok ein gong å samle publikum på Kongsvollen. Eg håpar folk vil setje av andre helga i august, og kome å sjå på ein stolt speltradisjon og ein fantastisk dugnad på Sandsøya, seier Jostein Korsnes.

Han varslar at dei har funne ei god løysing på situasjonen med bruk av Sandebu, ei nyheit dei vil presentere og fortelje meir om ved eit anna høve. Inntil vidare vil dei halde korta litt tett til brystet.

Byrjar på manus

Som Vestlandsnytt sine lesarar sikkert allereie veit, brukar det humoristiske spelet også å endre på seg, med nye scener og situasjonar for kvar sesong det blir sett opp. Tradisjon tru skjer dette også i år.

– No i februar samlar vi skrivegruppa og skal gjere årets endringar i manus, forklarar Korsnes, som røper at scene nummer to blei ganske annleis i år.

Lik besetning

Ei anna nyheit Korsnes også er glad for å kunne dele med oss, er at fleire av aktørane som tidlegare har vore å sjå i spelet, framleis held fram i sine roller.

– Vi har ein fantastisk gjeng som stiller opp og det er kjekt at vi får behalde dei aller fleste sentrale skodespelarane våre. Dei har allereie sett sitt særpreg vi gledeleg tek med vidare, forklarar Korsnes. Han nemner mellom anna at ein av karakterane, kongen sjølv, framleis skal spelast av spel-veteran Oskar Fjørtoft Sandanger.

– Og som sagt, blir der også mange andre gledelege gjensyn.

Går bra økonomisk

For nokre år sidan sleit spelet tøft økonomisk. Spesielt etter ein sesong med litt færre tilskodarar, på grunn av dårleg ver. No peikar derimot pilane oppover på bankkontoen.

– Spelet går no godt økonomisk og vi driv med overskot, avsluttar Korsnes.