«Må hente meir pengar», les vi i ei overskrift i Sunnmørsposten denne veka. Nok ein gong handlar det om ei maritimt retta bedrift som har vanskar som fylgje av oljenedturen, og igjen dreier seg seg om Kleven-konsernet.

Det har lenge vore omsnakka i lokale, uformelle næringslivsdiskusjonar; at refinansieringsavtalen Kleven i fjor fekk på plass, kanskje ikkje tok tilstrekkeleg høgde for at utfordringane i verftsindustrien framleis vil vare ei stund. Denne veka melde nett.no at Hurtigruten kanskje spyttar inn meir pengar og får aksjemajoritet, men berre i Kleven Verft.

Arbeidet med å hente meir pengar inn i Kleven-kassa har vara ei stund, og det er eit håp for heile regionen at skuta ikkje veltar til slutt. Det står heller ikkje sprekt til med økonomien i Ulstein Verft, fortel siste økonomirapportane.

Samstundes, og det må etter alt å døme setjast i samanheng med dei likvide vanskane til Kleven, er det no heilt klart at den store jobben med yachtbygging i samarbeid med tyske Lürssen, er avlyst.

Kleven har likevel framleis store prosjekt i ordreboka, noko som må reknast som ein viktig «trigger» for å få eventuelle nye investorar på kroken.

Likevel; for Myklebust Verft i Gursken isolert vil det gå mot ein rolegare periode, etter ein bolk med svært mange leveransar. Her blir det eit vakuum fram til neste nybygg er på plass. Vedlikehald/ombygging/reparasjon vert eit viktig bein å stå på i tida framover.

Nedgang i aktivitet for dei store motorane i lokalt næringsliv kan også vere svært utfordrande å takle for underleverandørane. Om nokon skulle vere i tvil; næringslivet er på langt nær friskmeldt etter at dei fleste vart smitta av oljenedturen.