Innleiingsvis stilte ordførar Dag Vaagen (H) spørsmål kring sin eigen habilitet. Bakgrunnen er at han er ein (av mange) i Sande som forsyner seg med vatn frå eigen brønn. Formannskapet kom samrøystes til at dette kan gjelde så mange at Vaagen fekk ta plass kring bordet igjen, på lik linje med dei andre.
Arnljot Muren signaliserte at han kjenner seg usikker når det gjeld Sæssvatnet, at vasskjelda for Gursken-bygdene skal avfeiast som råvasskjelde utan vidare. Vestlandsnytt er også kjend med at fleire enn Muren er opptekne av denne saka, at Sæssvatnet kanskje kan bli valt berre ein får eit brukande nytt reinseanlegg på Holtane.
– Vassleidningen rundt Gjøneset er sårbar. Dette er ei veldig komplisert sak. Eg vil vite meir, varsla Muren.
Rådmann Oddbjørn Indregård kunne fortelje at den innleide vassplankonsulenten skal stille på neste møte i kommunestyret. Der vil han kunne svare på spørsmål også om Sæssvatnet.
Bakgrunnen
Bakgrunnen er at kommunen står føre ei større vassverkutbygging i Gursken og Gjerdsvika. Spørsmålet er korleis. Nokre meiner bygdene bør forsynast frå Sandvikvatnet i Åram krins, slik at heile kommunen til slutt får vatn derifrå. Eit anna alternativ er Sædalsvatnet ovanfor Gjerdsvika, men det er regulert og har sine avgrensingar. No er det og fleire som meiner Sæssvatnet framleis kan vere vasskjelde i Gursken.
Dessutan ville teknisk etat ha eit vedtak om tvungen vasstilknyting i Sande inn i vedtaket, som ein del av finansieringa for vassverkutbygginga.
Vil ha meir informasjon
– Dette er ei stor sak, kanskje det største investeringsprosjektet vi står føre. Det er ikkje lett å vite kva som er den beste løysinga, og teknologien går samstundes vidare. Det er viktig å skaffe mest mogleg grundig informasjon, sa Helge Støylen (Sande vest).
Han var særskilt skeptisk til å innføre tvang utan først å ha undersøkt korleis dette slår ut.
– Kanskje er det ikkje alle som har råd til det, og i enkelte tilfelle ser vi at det har vore rettssaker av slikt, sa Støylen.
Hans gruppefelle, Bjørn Flatøy, minna om at det kanskje må til tvungen vasstilknyting for å kome i mål økonomisk med prosjektet, slik teknisk etat har gjort greie for til denne saka.
Flatøy slo fast at uansett er det første prioritet å levere vatn av god kvalitet, og at det har vore «mykje styr i Gursken».
Han minna om ei tidlegare ordning med «halv pris på vasstilknyting», der ein fekk mange nye abonnentar.
Dag Vaagen var samd med dei som tok til orde for å bestille ei utgreiing rundt spørsmåla om tvungen vasstilknyting.
Marion F. Bringsvor (Frp) meddelte at ho ikkje likar ordet «tvang», verken om skule eller vatn.
Rasmus Ekroll kunne fortelje at det finst mange eldre personar i Sande som i si tid vart aksjonærar i lokale vassverk, og som no kan omsette dette i tilknytingsavgift på 12.500 kroner pluss moms.
– Men Holtane som vassreinseanlegg er eit driftsøkonomisk sluk, la Ekroll til.
Han kunne elles fortelje at det over ferien kjem til politisk behandling eit heilt nytt vass- og avløpsregulativ. Her vert det mellom anna fastsett i detaljar korleis avgiftene blir, i høve til typer hus, og der ein i større grad skil mellom private og næring. Ei langt strammare praktisering av lovverket, etter det vi skjønar. Dette regulativet har heller ikkje noko med spørsmålet om tvungen vasstilknyting å gjere.
Saka vart utsett i påvente av ei nærare utgreiing om tvungen vasstilknyting.