Tanken om å lage til sommarleir for barn byrja med mingling mellom ein av dei tilsette på Sunnmørsbadet og nokre besøkande foreldre. Ingrid Ristesund registrerte eit behov.

– Mange foreldre har vanskeleg for å skaffe barnepass dei siste vekene av skuleferien, seier ho.

Etter ein prat med leiinga på Sunnmørsbadet, tok Ristesund kontakt med Herøy kommune, Fritidsklubben, Ytre Søre Sunnmøre Symjeklubb (YSSS) og Barnas turlag, i håp om å få til eit samarbeid om ein sommarleir.

– Vi hadde eit lite formøte her, fortel Mona-Grethe Ryssevik ved kulturavdelinga i Herøy kommune.

Så var dei i gang med planlegginga.

Mykje meir enn bading

To timar kvar dag under campen, skal barna få boltre seg på badeland.

– Her vert masse moro, med silekonkurranse, Funbulz og andre konkurransar. Men det vert ikkje berre leik. Mellom anna skal barna lære båtvett og livredning, seier Ryssevik.

Dei får også øve seg på ferdigheiter som stuping og ulike symjeteknikkar.

På programmet står dessutan fjellturar, uteaktivitetar i «parken» ved kulturhuset, frileik og avslapping på Fritidsklubben, skattejakt, og kino to gongar i veka.

– Noko av det er vêravhengig. Difor har vi alltid ein plan B, seier Regine Hermansen Sandhaug.

Ho blir eit kjent ansikt for barna på sommarleiren, ettersom ho kjem til å vere innom alle dei ulike gruppene på campen.

For heile barnetrinnet

– Fritidscampen er for barn i alderen 6–12 år, med litt slingringsmonn, seier Ristesund.

Det vert arrangert to campar, ein i veke 32 og ein i veke 33, men ein vel sjølv kor mange dagar ein ønskjer å melde seg på.

– Ein leverer barna om morgonen, og så blir dei til utpå ettermiddagen. Dei får mat på campen her, seier Ryssevik.

Vert plasserte etter alder

Dei påmelde vil bli fordelte i grupper med jamaldrande barn. Til å passe dei, vil der vere representantar frå Sunnmørsbadet, Fritidsklubben, YSSS og Barnas turlag.

– Dess fleire påmelde, dess fleire tilsette engasjerer vi, seier Ryssevik.

– Så langt har vi 25 påmelde, seier Ristesund.

Det er elles ikkje uavgrensa med plassar.

Påmeldingsfristen for Fritidscamp Herøy er sett til 1. august.