Det finst ikkje ein finare bakgrunn, og ein meir skiftande bakgrunn, som kulissar for eit spel som skal spelast utandørs.

Av og til er det sol, av og til skodde og regn. Mange meiner at spelet kjem best til sin rett når vêret er tungt og grått, men ingen takkar nei til sol.

Vi ser sjeldan filmar fleire gongar, vi les ikkje same boka år etter år, og har vi sett eit teaterstykke, ja, så har vi sett det. Men Herøyspelet kan vi sjå år etter år, og merkeleg nok opplever vi noko nytt kvart år. Regissør Gerald Pettersen legg inn nokre små endringar, som gjev oss kjensla av å oppleve noko nytt for kvart spel. Det er eit smart trekk, og i fleire år har Gerald Pettersen sett sin tydelege signatur på Herøyspelet.

Spelet er utruleg slitesterkt, vi blir visst aldri lei av å sjå Ingolv Ynda og Møre- Karl kjempe om Unn den fagre. Mor til Unn, den sterke og myndige Inga, vil absolutt ha eit ord med i laget om kven dottera skal slå seg saman med. Dette er nerven i spelet, og føyer seg inn i rekka av mykje som har vore skrive - og vist på scener rundt om i verda; Historiene om den håplause og problematiske kjærleiken, lever i beste velgåande, ikkje berre i Herøyspelet.

Men i Herøy dukkar sjølvaste Kongen opp, midt i dramaet, og vil ha eit ord med i laget. I dag hadde det vore ein sensasjon dersom Kong Harald blanda seg inn i eit kjærleiksdrama og sende ein av friarane til Færøyane. Nei, ikkje tenk på det, det er sjølvsagt ein illusjon.

Herøyspelet er utan tvil det største og viktigaste kulturarrangementet på Sunnmøre. For herøyværingane er spelet så mykje meir. Spelet har blitt viktigare og meir verdifullt for kvart år som har gått, sidan det vart spelt første gong i 1992. Herøyspelet er Herøy sitt kulturelle flaggskip, og det seglar vidare med god fart- for fulle segl.

Dei som ikkje har tilknyting til Herøy, skal vere svært varsame med å kritisere spelet. Då grip dei heilt inn i hjarterøtene til herøyværingane. Det fekk ein journalist i Sunnmørsposten erfare i fjor. Ho gjorde nok sine subjektive vurderingar, og gav Herøyspelet strykkarakter i avisa. Som meldar i avisa er det hennar privilegium, å kome med sine vurderingar av spelet. Men ho fekk meir trøbbel enn ho hadde rekna med.

Men, både journalistar og andre gløymer ofte at spelet er ei samling av glade amatørar. Spelplassen ute mot havet er ikkje Det Norske Teateret, Den Nationale Scene, eller Nasjonalteateret.

Nokre profesjonelle skodespelarar er rett nok med i spelet kvart år, resten er ein stor og imponerande dugnad. I seg sjølv er dugnadsinnsatsen verdt minst terningkast seks. Litt ulyd i ein mikrofon, eller ein gløymt replikk av og til, er bagatellar i den store samanhengen.

For det er så mange som legg ned eit stort arbeid for at ca. 200 små og store kan gå ut på spelplassen fire gongar, og gi publikum ei god oppleving. Skodespelarane skal sminkast, klede skal fiksast og syast. Mat og drikke skal skaffast, og nokon må ha orden på logistikken og bussane, for å få publikum på plass. Det er eit stort apparat, og det meste skjer bak «kulissene»

I mi tid som lokalpolitikar i Herøy på 1990-talet, opplevde eg at to institusjonar stod knallsterkt hjå folk flest og blant lokalpolitikarane; Herøyspelet og Kulturskulen, og eg har ei kjensle av at dei står enda sterkare i dag. Det er to sider av same sak; begge institusjonane leverer kultur på eit høgt nivå.

Kultur er balsam for sjela og ein pustepause for travle menneske, og i år kan du også få oppleve ein fin bonus.

Herøyspelet inviterer nemleg til det dei har kalla «Kongens hagefest» på laurdagskvelden. Der blir det høve til å grille og kose seg ut over kvelden, og dei byr på levande musikk.

Det er på den vesle og historiske øya Herøy det skjer i helga, med to framsyningar på laurdag, og to på søndag.

Ta deg ein tur!