Restaurantane i Herøy skjenka ein god del mindre alkohol i 2017 enn året før. Samla for alle alkoholgrupper var det ein nedgang på om lag 3600 liter, til 35.489 liter i 2017, som fordelte seg på 26.096 liter øl, 8.642 liter vin og 751 liter brennevin.

Også i forhold til 2015 vart det skjenka mindre i 2017, både samla og for alle grupper alkohol, men så var også 2015 eit storår for skjenkinga i Herøy. Samla antal liter gjekk då opp med nær 45 prosent i forhold til 2014.

Auke i ølsalet

Salet av øl over disk har auka jamt og trutt dei seinare åra, og spesielt mykje det siste året. 325.839 liter øl i 2017 var om lag 38.000 liter meir enn i 2016, eller ein auke på vel 13 prosent.

Auken i ølsalet førte òg til at den totale omsetninga av alkoholhaldig drikk i Herøy auka med over ti prosent i 2017. Då blei det omsett til saman 361.328 liter i butikkar og restaurantar, mot 327.067 liter i 2016.

Den totale omsetninga fordeler seg på ti butikkar og åtte restaurantar. Av restaurantane var det Thon Hotel som skjenka mest av både øl, vin og brennevin, med Restaurant Fosnavåg Brygge som ein klar nummer to for øl og brennevin. For vin var det Kami Skotholmen som kom nærast opp imot Thon på vinomsetning.

Kiwi er ølvinnar

Når det gjeld ølsalet i Herøy, er Kiwi den store vinnaren. Her viser omsetningsoppgåvene at ikkje langt unna halvparten av ølomsetninga i Herøy i fjor gjekk over desse to butikkane sine diskar.

Kiwi Myrvåg toppar suverent med 98.138 liter øl i fjor. Legg ein til Kiwi Eggesbønes sine 55.534 liter hadde Kiwi-butikkane vel 153.000 liter av den totale ølomsetninga i Herøy som var på nesten 326.000 liter i fjor.

Det fortel også at nær kvar tredje liter øl som vart omsett i Herøy i 2017, blei seld frå Kiwi sin butikk i Myrvåg.

Dei fire Coop-butikkane selde til saman 62.000 liter, eller berre 7.000 liter meir enn Kiwi Eggesbønes.

For dei andre butikkane ser tala slik ut (i liter): Meny Fosnavåg 41.810, Rema 1000 33.554, Eurospar Fosnavåg 30.274 og Coop Extra 24.992. Minst øl selde Joker Nerlandsøy med 4.334 liter.