Drifta av Fjord1 sine 63 ferjer og fire passasjerbåtar gav inntekter på til saman 659 millionar kroner i fjerde kvartal. Dette tilsvara rein auke på 20 prosent samanlikna med tilsvarande periode året før.

Samla driftsinntekter for heile 2017 kom opp i 2.794 millionar kroner, eller vel 400 millionar meir enn i 2016.

Før skatt fekk selskapet ein nedgang frå 203 til 175 millionar i fjerde kvartal, men årsresultatet auka med 164 mill. kroner til 732 millionar kroner i 2017. Driftsmarginen før renter og avskrivingar (EBITDA) auka med åtte prosent til 36 prosent i fjerde kvartal.

800.000 sveler

Bak desse tala ligg ein samla transport av 10,4 millionar køyretøy og 21,1 millionar passasjerar i 2017. Også cateringdrifta gjekk godt og bidrog med 32 millionar kroner, og i løpet av året blei det selt 800.000 sveler på Fjord1 sine ferjer. Drifta av passasjerbåtane gjekk derimot med eit tap på tre millionar kroner.

Fjord1 har no 49 prosent av all ferjetrafikken i landet og driftar sju av dei ti største ferjesambanda i Norge.

Mange nye ferjer

Selskapet fekk overlevert to nye ferjer frå Tersan i fjerde kvartal, og signerte kontrakt med Sefine for bygging av tre ferjer. I løpet av fyrste kvartal vil Fjord1 kontrahere ytterlegare sju ferjer for å dekke opp for dei mange nye kontraktane som selskapet har vunne den seinare tida.

Fjorten nye ferjer skal leverast frå andre kvartal i år og fram til utgangen av 2019. Dette svarar til ei samla investering på over 3,5 milliardar kroner dei komande to åra.

Verd 4,9 milliardar

Børsen reagerte positivt då tala for fjerde kvartal blei presenterte onsdag, og sende aksjekursen opp med to kroner i løpet av kort tid.

Siste veka har aksjekursen stige med over 11 prosent, og dagens kurs på 49 kroner verdset selskapet til 4,9 milliardar kroner.

Herøyselskapet Havilafjord eig 51,5 prosent av aksjane i Fjord1. Nest største eigar er Frederik Wilhelm Mohn som gjennom selskapet Perestroika As eig 7,76 prosent av Fjord1.

Eigarane vil få utbetalt 270 mill. kroner utbyte for 2017.