Vanylvspolitikarar om traseen for Rovdefjordsambandet:

– Dette må sjekkast ut før toget har gått

Vanylvspolitikarane Ottar Jan Løvoll og Nils Olav Moen vil ha alle fakta på bordet før den nye traseen for Rovdefjordsambandet vert valt.

Rovdefjordsambandet: Frå Årvik, som vi ser bak t.h. og over til Koparnes. Denne traséen må utgreiast, krev Ottar-Jan Løvoll og Nils Olav Moen. Foto: Endre Vorren 

Nyhende

Sist veke kom Helsepartiet-politikar Moen med eit utspel i Vestlandsnytt der han orienterer om ei flytebru bygd med endeforankring i ein litt lenger austleg trasé, frå Årvik til Koparnes.