- Treng fleire ladestasjonar i Fosnavåg

Nyhende

Eit forslag om å etablere ein ladestasjon for elbilar i Fosnavågparken har hamna i Herøy kommune si forslagskasse. Forslaget er grunngive med dårleg kapasiet og lang ladetid for ladestasjonen i garasjen ved hotellet, medan stasjonen ved Sunnmørsbadet er mykje brukt og har ein del ventetid. Ein ladestasjon i parken vil gjere det enkelt å gå i sentrum medan bilen blir lada.