Spennande å følgje loddefisket

Det har vore ein roleg start på det nye fiskeriåret, men snart brakar det laust på Island.

LODDE: Andrea L., med Per Jan Kvalsvik til rors, vart fyrste norske båt som melde utsegling til Island. Arkivfoto. 

Nyhende

Andrea L har som fyrste båt sett kursen for Island, der Norge i år kan fiske rekordhøge 145.000 tonn med lodde. Andrea L melde utsegling seint onsdag kveld, men truleg vil tyngda av norske ringnotbåtar vente nokre dagar til før dei melder utsegling.