Høgskulen i Volda i landstoppen på å bli ferdig i tide

Høgskulen i Volda hamnar på topp-3 på lista over kor mange av studentane som gjennomfører bachelorgraden på normert tid blant dei statlege høgskulane og universiteta. Hos mastergradene ser ein elles ei kraftig auke i dette talet i Volda.

Illustrasjon:   Foto: Høgskulen i Volda

Nyhende

Dette opplyser Høgskulen i Volda om i ei pressemelding fredag. Tala er så gode for gjennomføring av bachelorgrader at det er ny rekord for Høgskulen i Volda (HVO). 66 prosent av dei som skulle vere ferdige med bachelorgraden sin våren 2021, etter tre år som er normert tid, var det ved HVO. I dei fleste av dei føregåande åra har ein klart å bikke 60 prosent, men det er første gong ein bikkar over 65-talet.