Brukte ikkje opp tilskotet til sommarskule

Planane klare: Herøy Sommarcamp gjekk av stabelen i juni og august 2021. Her ser vi fleire av dei som gjorde det positive tiltaket mogleg. F.v. Sølvi Lillebø Remøy, Karoline Sivertsen, Arjan Sydhagen Dalsøren, Mona-Grete Ryssevik, Synne Bakke Almestad og Hilde Hestås.  Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

Herøy kommune fekk utbelat vel ein million kroner i statstilskot til drift av sommarskule i 2021, men greidde ikkje å bruke opp heile summen. No ber Utdanningsdirektoratet kommunen om å betale tilbake dei 276.000 kronene som ikkje blei nytta til føremålet. Unytta tilskot kan nemleg ikkje overførast til neste år.