Fiskebåt meiner viljen er mangelfull når det kjem til forsking på konsekvensar av Havvind:

– Skal Noreg satse i blinde?

Det spør Fiskebåt sin administrerande direktør Audun Maråk og juridisk rådgjevar Hanna Bauge i ein kronikk denne veka. Dei meiner kunnskapen om konsekvensane av vindmøller plassert ute på havet er for lite forska på.

Havvind: Fiskebåt meiner ein veit for lite om konsekvensane havvind har på livet i havet. Dei krev pengar til forsking for å finne svara før ein går i gang med fullskala satsing. Illustrasjon. Foto: © David Dixon (cc-by-sa/2.0) 

Nyhende

– Regjeringa ønskjer ei storstilt satsing på vindkraft til havs, men viser ingen vilje til å forske på konsekvensane for nokre av verdas største fiskebestandar. Skal Noreg satse i blinde, eller skal vi i staden innhente kunnskap om konsekvensane og sikre ein framleis berekraftig forvaltning av våre fiskeressursar?