Uvêret Gyda skapar trøbbel for Havila Kystruten

På grunn av dei tøffe vêrforholda har Havila Kystruten sett seg nøydd til å kanselere seglasen til Havila Capella frå Rørvik til Bergen.
Nyhende

- Vi beklager ulempa for passasjerane våre, men på grunn av ekstremvêret Gyda ser Havila Kystruten det som uforsvarleg å krysse havstykket Folda på ein sikker måte, og seglasen til Havila Capella frå Rørvik til Bergen må difor kansellerast, heiter det i ein uttale frå selskapet.