Tillèt skjenking, breiddeidretten opnar, grønt nivå på vidaregåande skular og meir

Regjeringa fjernar mange av dei strengaste smitteverntiltaka i samfunnet.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) under pressekonferansen om koronasituasjonen torsdag. I bakgrunnen helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).   Foto: Terje Bendiksby/NTB

Nyhende

Regjeringa tillèt skjenking fram til klokka 23

Regjeringa fjernar delvis den nasjonale skjenkjestoppen. Det blir no lov å servere øl, vin og sprit fram til klokka 23.

– Skjenkinga skal skje ved borda, og desse endringane trer i kraft i morgon, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på koronapressekonferansen på torsdag.

Tidlegare på dagen rådde Folkehelseinstituttet (FHI) og Helsedirektoratet regjeringa til å behalde avgrensingar på skjenking, men opna for delvise lettar.

«Det vil være mulig å innføre skjenkestopp for eksempel kl. 22.00. I dagens smittesituasjon er det uklart om en slik lettelse vil medføre at den totale tiltakspakken blir tilstrekkelig effektiv i lys av gjeldende smittesituasjon. Dette må også sees opp mot prioriteringer av tiltak under andre områder og målgrupper», skreiv Helsedirektoratet i sitt faglege råd til regjeringa, som vart offentleggjort torsdag ettermiddag.

Breiddeidretten utandørs opnar igjen – regjeringa opnar for kontakttrening

Utandørs idrettsaktivitetar for barn og unge kan gjennomførast som normalt, har regjeringa bestemt. Innandørs blir tilrådd ein gruppestorleik på 20 personar.

Det melde regjeringa på pressekonferansen på torsdag.

Aktivitet innandørs kan gjennomførast med kontakt der det er nødvendig.

Vaksne over 20 år får ikkje like store lettar. Der vil det framleis vere ei anbefalt grense på 20 personar og det skal haldast ein meters avstand.

Alle som kan ha heimekontor, skal framleis ha det, fastslår regjeringa.

Dei held oppe føresegna om at arbeidsgivarar må sørgje for at tilsette jobbar heimanfrå dersom dette er praktisk mogleg. Det blir tilrådd å halde éin meter avstand og bruke munnbind om avstanden ikkje er mogleg å overhalde.

Helsestyresmaktene tilrådde å behalde tiltaket. Dei meiner det verkar godt for å hindre smitte og er nokså lite inngripande.

Regjeringa innfører grønt nivå på vidaregåande skular

Det blir slutt på undervisning på raudt nivå på vidaregåande skular og i vaksenopplæringa.

Kommunane blir bedne om å følgje utviklinga i smittesituasjonen og justere tiltaksnivået i tråd med utviklinga, heiter det i tiltaka som regjeringa kom med torsdag kveld.

Barnehagar og skular må ha beredskap for rask overgang til strengare tiltaksnivå, blir det påpeika.

Publikumsgrensa på arrangement blir auka

Det blir opna for opptil 200 personar på innandørs arrangement med faste sitjeplassar. Utan faste tilviste plassar innandørs er grensa sett til 30 personar.

Innandørs blir grensa på 200 personar med faste sitjeplassar, men føreset at smittevernet blir vareteke. Det stiller krav til smittevern, avstand og munnbind.

– Maksimaltal på arrangement har store konsekvensar for heile verdikjeda i både kultur-, idretts- og frivilligsektoren. For å lette på noko av byrda har derfor regjeringa utvida talet på avgrensingane for arrangement, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen (Ap).

Utandørs kan ein no vere 200 utan faste tilviste plassar. Innandørs kan ein vere 200 med faste tilviste plassar. Utan faste tilviste plassar innandørs kan ein no vere 30 personar.

Regjeringa opplyser at dei har starta eit arbeid for å finne løysingar som gjer at ein kan tillate fleire publikummarar i store innandørs lokale, samtidig som smittevernreglane blir varetekne på ein god måte.

– Vi jobbar med løysingar for å tilpasse maksimaltala betre til storleiken på lokalet. Målet er at til dømes store konsertarenaer og ishockeyhallar kan sleppe inn fleire. Vi håpar dette er klart allereie neste veke, seier Trettebergstuen.

Dei nye tiltaka gjeld frå midnatt natt til fredag og gjeld inntil vidare i fire veker.

Krav om gult nivå i skular og barnehagar blir oppheva

Regjeringa opphevar det nasjonale kravet om gult nivå i skular og barnehagar, men tilrår å behalde nivået der smittenivået tilseier det.

Jamleg testing i skular og barnehagar skal i større grad nyttast i område med høgt smittetrykk, heiter det i det nye tiltaket til regjeringa.

Kommunane skal justere tiltaksnivået etter den lokale smittesituasjonen.

– Barnehagar og skular må ha beredskap for rask overgang til strengare tiltaksnivå, fastslår regjeringa.

Karantenereglane blir endra – andre nærkontaktar har ikkje lenger karanteneplikt

Smittekarantene for andre nærkontaktar til smitta personar, altså dei som ikkje er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære, blir erstatta av eit testregime.

Andre nærkontaktar blir tilrådde å teste seg 3 dagar etter nærkontakt, og ny test 2 dagar seinare (dag 5), men ikkje å gå i karantene.

– Det vil då vere viktig at den enkelte sjølv observerer symptom i ti dagar. Testing er eit like godt tiltak som karantene når det gjeld smittevern, men testing er mindre kostbart for samfunnet og mindre inngripande for den enkelte, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap).

Ho seier at det vil bli lagt opp til at også husstandsmedlemmer og tilsvarande nære til ein smitta person òg skal få karantenen erstatta av eit testregime på sikt, men at det først må sørgjast for at kommunane har nok testar og får på plass system for å dele ut testar til husstandar.

Regjeringa beheld meter-tilrådinga, munnbindpåbod og råd om maks 10 gjester i private heimar.

Det kom fram på koronapressekonferansen til regjeringa torsdag. Regjeringa tilrår alle å tenkje gjennom kor mange nærkontaktar dei har samla sett.

– Ein bør ikkje ha fleire enn 10 gjester heime ut over eigen husstand, heiter det i tilrådingane.

Det blir òg tilrådd god ventilasjon/lufting i situasjonar der ein oppheld seg i same rom med personar som ikkje er husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære.

Regjeringa beheld òg tilrådinga om å halde éin meters avstand til andre enn husstandsmedlemmer og tilsvarande nære.

Elles blir òg påbodet om bruk av munnbindnår det ikkje er mogleg å halde minst 1 meters avstand i butikkar, kjøpesenter, serveringsstader, kollektivtransport, taxi og innandørs stasjonsområde ført vidare .

Kompensasjonen for koronatiltaka har ei ramme på 20,2 milliardar

Den økonomiske kompensasjonen for koronatiltaka innført av regjeringa har ei kostnadsramme på 20,2 milliardar, ifølgje finansministeren.

Regjeringa vil leggje fram eit forslag for Stortinget fredag om kompensasjonsordningar for næringslivet og andre sektorar som følgje av koronatiltaka.

Kompensasjonen vil ha ei kostnadsramme på 20,2 milliardar, ifølgje finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Dette vil mellom anna omfatte lønnsstøtteordninga og andre økonomiske tiltak som vart kjente før jul.

Studentar skal ha meir fysisk undervisning

Regjeringa opphevar kravet om digital undervisning og eksamen på høgskular, universitet og fagskular.

Hovudregelen framover er at alle studentar skal ha delar av undervisninga si på campus. Regjeringa tilrår jamleg testing og at det er maksimalt 30 personar i klasseromsundervisning.

I auditorium kan det vere inntil 200 personar med faste tilviste plassar.

Studiestadene må følgje dei generelle smittevernråda: Å halde meteren og lufte, og tilsette og studentar med symptom må halde seg heime.

Sjølv om hovudregelen framleis er heimekontor, blir det òg litt meir rom for å vere fysisk på jobb for tilsette, heiter det i pressemeldinga frå Kunnskapsdepartementet. Tiltaka gjeld frå midnatt natt til fredag.