Kong Arthurspelet ber om reduserte avgifter

San­de­bu: Vart over­ført til Kong Arthurspelet i fjor.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

Kong Arthurspelet søkjer Sande kommune om reduserte avgifter på huset dei har teke over ved Kongsvollen. Vi har stor nytte av huset. Men huset vil gjennom året vere lite nytta. Vi søkjer derfor om å få reduserte kommunale avgifter. Huset vil verte nytta som lager heile året og som opphaldsrom under spelveka i august. Mogleg at vi seinare vil søkje å leige ut deler av huset, men det kan først skje etter ein omfattande reparasjon/ oppussing av huset, heiter det i brevet.