Kommunen klagar på faktura frå helseføretaket

Il­lust­ra­sjon: Her­øy råd­hus.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Herøy kommune har varsla at kommunen ikkje kjem til å betale ein faktura frå Helse Møre og Romsdal i samband med utskriving av ein pasient. Kommunen viser til at betalingsplikta inntrer når kommunen ikkje kan ta imot pasient innan gitt frist. I dette tilfellet vurderte kommunen det slik at ved å bygge opp med heimesjukepleie kunne ein gi naudsynte og forsvarlege tenester ved utskriving.