Inseanergy med samarbeid i Finnmark

Saman med fleire andre selskap og instansar skal Sande-selskapet Inseanergy utvikle grøne oprettsløysingar tilpassa kalde klima.

Her, ved Lerøy sitt oppdrettsanlegg i Sør-Varanger, skal ny teknologi testast ut. Blant deltakarane i prosjektet vinn vi Sande-selskapet Inseanergy.   Foto: Lerøy Seafood Group AS

Nyhende

Eit forprosjekt leia av Varanger Kraftentreprenør og Lerøy Aurora skal bidra til utvikling og implementering av grøne og økonomisk berekraftige energiløysingar i kaldklima. I tillegg til Varanger Kraftentreprenør og Lerøy Aurora består konsortiumet av SINTEF, Noregs arktiske universitet (UiT) og partnarskapet Inseanergy og BRE Digital, heiter det i ein pressemelding frå Inseanergy torsdag kveld.