«Gyda» i Sande og Herøy:

Ingen meldingar om skadar så langt

Onsdag ettermiddag kom ekstremvêret «Gyda» til Møre og Romsdal. Men trass i raude farevarsel både for regn og snøras har det torsdag føremiddag enno ikkje vore meldt om skadar i korkje Herøy eller Sande.

«Gyda» og Rundebrua: Så langt er det ikkje meldt om skadar etter «Gyda» i korkje Herøy eller Sande.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

– Det har vore heilt stilt. Men vi var godt førebudde, og sette i verk fleire tiltak på førehand som vi har jamt oppsyn med.