Spennande tider i vente for Haugsbygda-selskap – har henta inn 30 millionar:

– Ser veldig lovande ut

Med 30 ferske millionar i boks og planar om fyrste kommersielle sal i løpet av andre halvår i 2022 går Haugsbygda-bedrifta Inseanergy spennande tider i møte.

Jan Erik Våge Klepp: Dagleg leiar for Inseanergy Jan Erik Våge Klepp trur selskapet, som har base i Haugsbygda, går ei lys framtid i møte. Her ser vi han ved eit prototypeanlegg – SUB Solar som produktet heiter. Om alt går etter planen kjem deira fyrste kommersielle sal allereie i år. Foto: Inseanergy 

Nyhende

Selskapet utviklar flytande solcelle-kraftverk dei håper vil bidra til ein grøn revolusjon innan oppdrett, havbruk og sjønære næringar. Det Inseanergy no er i ferd med å realisere er ganske enkelt ei form for solcelleanlegg som ein kan plassere ute på sjøen. Selskapet lagar store presenning-basseng som ein legg ut over eit gitt sjøareal – tanken er at gjenbruk av merdar skal kunne fungere som rammeverk for systemet. Fleksible solcellepanel er nedsenka i bassenget, og dei vert dekt av om lag 20 cm med ferskvatn. I tillegg til å fungere beskyttande for ytre forhold og sjøvatn, kjølar vatnet ned panela. Det gjer solcellene endå meir effektive. I tillegg reduserer ein behov for reinhald ved at vatnet får ein sjølvreinsande effekt på solcellepanela.