Vindkraftverk må syte for færre fuglekollisjonar

NVE har vedteke at det må innførast tiltak ved Smøla vindkraftverk for å redusere risikoen for kollisjonar med fugl i vindturbinane.

NVE krev tiltak ved vindturbinane ved Smøla vindkraftverk for å redusere risikoen for fuglekollisjonar.  Foto: Kjell Herskedal

Nyhende

Smøla er eit viktig område for fugl, og det har i mange år vore forska på korleis vindkraftverket påverkar fuglelivet på øya. Vedtaket er basert på ny kunnskap frå forsking på fugl og vindkraft på Smøla, opplyser Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).