Vil vurdere Kjeldsundvegen på ettervinteren

Kjeldsundvegen  Foto: Jann Flatval

Nyhende

Herøy kommune har ikkje pengar til å kunne gjere større utbetringar på vegen til Kjeldsund. Nokre mindre utbetringar er gjort, og når vintersesongen er over vil kommunen ta ei vurdering på om ein skal prøve å overlappa dei best utsette områda. Dette går fram av ei tilbakemelding til vedkomande som har klaga på standarden på Kjeldsundvegen.